Diskusjon:Kyrkjeskip

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Me bør kanskje dela artikkelen i to, om skip heng i kyrkjer og skip som del av kyrkjebygg? Det passer liksom ikkje heilt å omtala dei samla. Eg vil i så fall føreslå å flytta arkitekturen til skip i arkitekturen (likt kor), sidan det òg er vanleg å snakka om dei utan «kyrkje» først. Modellskipa kjenner eg derimot ikkje noko anna namn for enn kyrkjeskip. --Ranveig 23:39, 17 april 2007 (CEST)

Både kor i arkitekturen og skip i arkitekturen er for meg skurrande seiemåtar og evt reine naudløysingar sidan hovudoppslagsordet er opptatt. Med kyrkjeskip tenkjer somme på båten og andre på rommet. Men dei har med kvarandre å gjere: ordsoga viser at folk har valt å bruke nemninga skip (navis) om eit rom. Når dei heng eit skip i same rommet er det lett å sjå symbolikken. Av same grunn bør vi nemne begge skipa i artikkelen, og han vil tape seg på å bli kløyvd (ikkje er han for lang, heller). - Knut 23:53, 17 april 2007 (CEST)
Einig med Knut. Trolldeig 00:27, 18 april 2007 (CEST)
Eg blei bare så imponert av da:Kirkeskib (skibsmodel) at eg syntest me kunne ha noko liknande, men syntest ikkje noko om måten da: hadde gjort det på, fleirtydingsside for to artiklar. Og då kan det bli for langt (sjå òg en:nave for kor lang artikkelen om skip i arkitekturen kan bli). --Ranveig 01:10, 18 april 2007 (CEST)
Då kan det kanskje hende at Ramveig får rett - etter kvart. I mellomtida kan vi tenkje på gode måtar å løyse namnedelinga på. - Knut 07:15, 18 april 2007 (CEST)
No er artikkelen om kyrkjeskipet som heng i taket skriven - førebels under namnet votivskip. Men artikkelen må få eit nytt namn, sidan kyrkjeskipa sjelden var votivgåver. Er parantesar (heilt) forbode på nn? Kanskje vi skal skrive skipsmodell som kyrkjeskip og ha ein tilvising fremst i kyrkjeskip-artikkelen? - Knut 13:25, 1 mai 2007 (CEST)
Flotte greier! Så vidt eg veit bruker me ikkje parentesar på norsk slik ein gjer det på engelsk. Så då må me bruka nokre i-ar i staden. Eg synest om forslaget, det er i alle fall mykje betre enn mitt: Kyrkjeskip som heng og dinglar. --Ranveig 19:48, 5 mai 2007 (CEST)