Diskusjon:Kystvakt

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kan første avsnittet i denne artikkelen vere rett. Eg ville sagt at hovudoppgåvene er suverenitetshevding og å utøve politimakt til havs. På nettsidene til sjøforsvaret står det: "Kystvaktens primæroppgave i fredstid er å hevde norsk suverenitet og suverene rettigheter i havområder under norsk jurisdiksjon og i indre kystfarvann" stykkjet 23. juni 2006 kl. 13:20 (UTC)

Eg synest det er litt rart å gjere Kystvakt til eit fellesnamn. Ein definisjon som femner både Redningsselskapet og ein del av Sjøforsvaret kjennest ikkje rett. --Ekko 23. juni 2006 kl. 13:44 (UTC)
Eg kom aldri så langt at eg las den delen. Eg er samd med Ekko her. Eg trur det blir riktigare å nytte ordet kystvak om (halv)millitære statlege organisasjonar. Det tyder ikkje at det ikkje kan vere overlapp i funksjonar og at det vil vere riktig å vise til det i ein slik artikkel som dette.stykkjet 23. juni 2006 kl. 13:51 (UTC)
Slik artikkelen står no kunne han like godt heitt "Offentlege etatar med båt" (OK, litt flåkjefta den der). Men det blir ikkje bra når ein skal femna alt. Kva med ein stutt(are) sak som berre seier at nemninga Kystvakt tyder mykje forskjellig, og så legge arbeidet i artiklar om skilde organisasjonar (norsk, svensk, dansk, engelsk osb.)? --Ekko 23. juni 2006 kl. 16:06 (UTC)