Diskusjon:LSD

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Då har eg lagt inn ein slik tabell her òg, ein slik som ligg på sida for rusmiddelet cannabis. Eg kjem til å halda fram med dette hærverket til nokon stoggar meg:-) Eg synst elles at kolonna med "ungdom i Oslo" er overflødig, men freistnaden min på å ta han vekk slo grundig feil.

Elles synst eg ikkje malen for lækjemiddel er so god. Skulle me hatt ein eigen mal for (syntetiske) rusmiddel? Er det verklege dei viktigaste eigenskapande ved stoffet ein finn i faktaboksen? Er det mogleg å putta inn kjemisk formel, i det minste? --Sigbjørn 10:41, 30 oktober 2006 (UTC)

Eg synest ikkje det er noko poeng i å ha tabellen her. Skilnaden på 0,5% og 1% i ei spørjegransking er irrelevant, summen av brukarar er truleg lågare enn feilmarginen på granskinga. Men i artikklane om hasj, sprit og kanskje speed er det meir interessant, der er skilnadane så store at dei er målbare. --Tannkrem 17:08, 5 november 2006 (CET)
Tabellen er meiningslaust stor og stygg, men det hadde vore fint å ha med noko om utviklinga i bruken. Hadde kanskje vore godt nok med nokre enkle tal, eller eg kan prøva å laga ein liten graf. Granskingane tala baserer seg på har kring 2000 respondentar. Det tyder at 0,5 og 1 prosent er 10 og 20. Etter det eg kan forstå tyder dette at me kan vera 89,8% sikre på at tala 0,5, 0,8 og 0,9 i 1986, 1996, 1997 peikar på ei reell, positiv utvikling i perioden. Ein kan diskutera om det er godt nok. Eg synst det.--Sigbjørn 18:33, 5 november 2006 (CET)
Korleis rekna du ut den prosentdelen (89,9%)? I dei fleste spørjegranskingar opererar ein med feilmargunar på rundt ein prosent. Kanskje feilmarginane her er mindre, men likevel er det vanskeleg å peika på ein tydeleg tendens når ein ser at tala varierar med nesten 100% frå eitt år til eit anna (frå 0,6 til 1,1, frå 0,9 til 1,6, frå 1,8 til 0,8 på berre to år). 10 og 20 personar er eit altfor lite utval til at det vert fruktbart, etter mi meining. --Tannkrem 22:17, 5 november 2006 (CET)
Eg var redd du skulle spyrja... Eg hugsar ikkje heilt korleis eg reknar feilmarginar av eitt tal i ei spyrjegransking. Eg tok ein regresjonsanalyse i excel på dei tre åra. Dei syner noko som kan likna på ei rettlina utvikling. Regresjonsanalysen vil laga den best tilpassa rette lina som koplar saman tala. Her kjem regresjonen. (Lei for kaoset. Fekk det ikkje til på andre måtar. Slett regresjonen når du har sett det, Tannkrem)(Sjå òg kommentar nedanfor)--Sigbjørn 11:48, 6 november 2006 (CET)
Dersom årstal=å og LSD-bruk=b, kan me setja opp likninga b = 1971,846 + 0,675676*å. Dette er den beste lineære tilpassinga. Eg prøvde meg fram til eg fann eit konfidensintervall der ein me eit visst sannsyn kan seia at forteiknet framfor variabelen å er rett. Du kan sjå at det er 89,8% sjanse for at den verkelege verdien av parameteret framfor å er mellom -0,000215822 og 1,351567173. Slik kom eg altso fram til det.
Når det gjeld heile utviklingsrekkja er den sjølvsagt ikkje lineær, so eg kan ikkje nytta metoden. Difor er eg ikkje sikker på om denne analysen var so mykje vits i. Eg har gløymt statistikk eg burde kunna, men eg trur feilmarginen ved eit utval på 2000 og eit resultat på 0,5% som har prøvd er 0,32 prosentpoeng. Ved 1% bruk vil det vera 0,45. Det skal godt gjerast at det siste talet eigentleg er lågare enn det fyrste. Det kan sjølvsagt vera andre feilkjelder enn dei statistiske. Dersom informasjonen er henta inn gjennom skjema delt ut i klassar på skular, er det ikkje sikkert utvalet er representativt. Kanskje folk som har prøvd narkotika i større grad enn andre ikkje går på skule. Eller kanskje dei ikkje har telefon eller ikkje gidd senda inn skjema. --Sigbjørn 11:48, 6 november 2006 (CET)
Eg trur kanskje prosenttalet ditt vert mindre dersom du tek med alle verdiane (utan at eg eigentleg skjønar særleg mykje av utgreiinga). 'Men du seier jo sjølv at du ikkje kan bruka denne metoden på resten av verdiane, noko som for meg stadfestar at statistikken ikkje kan seia særleg mykje. Dessutan er det eit stort sprang frå 1986 til 1996, så verdien for 1986 vil ikkje ha nokon som helst samanheng med resten av tala. Om utviklingsrekka frå 1996 og utover vil eg seia at den kunne ha vore vits i dersom det hadde dreia seg om den same gruppa kvart år. Altså at ein vel ei gruppa for kvart årstrinn, og følgjer med på desse. Så kunne ein ha målt ei reell utvikling, med ein mykje mindre feilmargin (fordi den einaste endringa i utvalet av elevar for kvar undersøking hadde vore utskiftinga av det eldste årskullet med det yngste). Men det er truleg ikkje gjort. --Tannkrem 13:04, 6 november 2006 (CET)
Eg kan ikkje nytta den metoden på alle verdiane i det heile, av di utviklinga i lsd-bruk ikkje er rettlina. Ho går i bylgjer, slik ein kan tenkja seg. Då kan ein ikkje gjera anna enn å sjekka feilmarginen i kvar einskild måling, eller eventuelt stilla to målingar opp mot kvarandre og finna ut kor stor sjansen er for at resultatet er omvendt. Det er særs sannsynleg at der det står 1% skulle det stått 0,9% eller 1,1 %. Men det er lite truleg at bruken var større i 1986 enn i 1996. At det er ulik lengd mellom 1986-1996 og 1996-1997 har ikkje noko å seia. Excel reknar med talverdiane i årstala slik at dei vert rett plasserte i tid. Når det gjeld det med oppfylgjing av den same gruppa, er eg litt usikker. Trur ikkje det svekkjer tala at det er nye utval. Du ville fått fram utviklinga i bruken innanfor utvalet utan nokon feilmargin i det heile, men det kan ikkje overførast til heile folket. (Eg veit heller ikkje kva dei har gjort.)--Sigbjørn 14:12, 6 november 2006 (CET)
Når det gjeld skilnaden på feilmarginane, trur eg ikkje det stemmer. Eg trur 0,5% vil ha høgare feilmargin oppover enn 1%, men at feilmarginen nedover er motsett. Eg kan ikkje nok om matematikk til å prova det, men det verkar logisk og sannsynleg for meg. --Tannkrem 13:04, 6 november 2006 (CET)
Nnneii... Om eg forstår deg rett, trur eg du tek feil. 50% bruk vil gje størst feilmargin i alle retningar. 0,5% vil ha mindre feil både opp og ned enn 1% har. (Ikkje i absolutte storleikar (prosentpoeng).)Om du meiner at feilen ved 0,5% vil vera større oppover enn nedover, so er eg ikkje sikker. Eg trur ikkje det.--Sigbjørn 14:12, 6 november 2006 (CET)
Men viss eg tek utgangspunkt i at det du seier er rett, vil ein verdi på 0,5% kunna vera eigentleg mellom 0,18% og 0,82% (det gjev forresten ein feilmargin på heile 64%), medan 1% kan vera mellom 0,55% til 1,45% (der feilmarginen er 45%). I alle høve synest eg dette viser at statistikken ikkje er "stor" nok til å fortelja oss noko anna enn eit overslag av kor mange frå det aktuelle utvalet som brukar (eit større utval vil visa dette med små feilmarginar, det kan ein oppnå ved å rekna ut gjennomsnittet av alle verdiane over tiårsperioden), altså at ein generell tendens ikkje kan visast så lenge tala er så låge. --Tannkrem 13:04, 6 november 2006 (CET)
(Eg gløymde å skriva at tala mine er for eit 95% konfidensintervall. Det tyder at det er 95% sjanse for at den verkelege verdien ligg mellom 0,18% og 0,82%. Det vil vera 68% sannsyn for at bruken ligg mellom 0,34% og 0,66% og 99% sjanse for at han ligg mellom 0,9% og 0,91%. Feilmargin er eit meiningslaus mål om ein ikkje presiserer kor stor uvissa er. (95% mest vanleg) Det einaste ein kan vera 100% sikker på er at det er minst 10 ungdomar som har prøvd, og minst 1990 som ikkje har prøvd.) Du må måla feilmarginen i prosentpoeng, ikkje relativt til verdien 0,5. Skilnaden på 0,5% og 0,18% er minus 64 prosent, men minus 0,32 prosentpoeng.
De to kandidatene hadde en oppslutning på 48 prosent hver i målingen, som har en feilmargin på 3 prosentpoeng. Lørdag hadde Kerry en liten ledelse på 47 mot 46 prosent. Bare 2 prosent sier de ennå ikke har bestemt seg, mens 1,2 prosent sier de vil stemme på den uavhengige kandidaten Ralph Nader.
Dette er berre vås. Det dei meiner er truleg at ved ei oppslutning på 50% vil feilmarginen vera på 3 prosentpoeng med 95% visse. Når kandidatane ligg på 47% er tilnærminga grei, men det er sjølvsagt ikkje 3 prosentpoeng feilmargin på oppslutninga til Ralph Nader! Han ligg ikkje mellom -1,8 og +4,2. Opplysning om feilmargin i slike meiningsmålingar er stort sett meir forvirrande enn opplysande. Betre hadde det vore om dei skreiv kor mange som var spurde, men det gjer dei ikkje i dette tilfellet.--Sigbjørn 14:12, 6 november 2006 (CET)
Eg trur nok òg at talet ikkje vil stemma med røynda dersom det berre er skuleelevar som vert spurde. I tillegg kan det føra til store sprang som ikkje er reelle, fordi narkomane elevar ofte berre går eitt år om gongen på skule, medan andre elevar går på skule samanhengjande i mange år. --Tannkrem 13:04, 6 november 2006 (CET)
Det er godt mogleg. Det kan eg ikkje vurdera. Vanskeleg å finna bakgrunne for tala. Det er kjelde bakom kjelde bakom kjelde.--Sigbjørn 14:12, 6 november 2006 (CET)
Eg er iallfall ikkje overtydd. Eg meiner at tabellen ikkje gjev eit reelt, målbart bilete av utviklinga. Kanskje av omfanget, men det er òg usikkert, seier du. Og utan ei god kjelda er eg enno meir overtydd om at tabellen må vekk. Wikipedia skal jo ha gode kjelder for all informasjon. --Tannkrem 20:51, 6 november 2006 (CET)
Eg fann, ved nærare ettersyn, kommentarar frå dei som står bak undersøkjinga. Det er uråd å gje direktelenkje, so eg legg det ut nedanfor. Eg er open for at truverdet ikkje er so bra, men det er garantert det beste som finst. Me kan kanskje erstatta tabellen med nokre runde formuleringar om utviklinga i bruken--Sigbjørn 22:43, 6 november 2006 (CET)


Kilde: Statens intitutt for rusmiddelforskning Innsamling: Statens institutt for rusmiddelforskning, SIRUS, foretar årlige spørreskjemaundersøkelser om bruk av rusmidler blant ungdom i alderen 15 - 20 år. Da undersøkelsene startet opp i 1968 i regi av det tidligere SIFA, omfattet den bare ungdom fra Oslo. I 1986 ble det gjennomført en tilsvarende undersøkelse som dekket hele landet, og fra og med 1990 er både den landsomfattende undersøkelsen og Oslo-undersøkelsen foretatt hvert år. De to sett av undersøkelser foregår ved at det samme spørreskjemaet blir sendt til to representative utvalg av ungdom i alderen 15-20 år, ett utvalg som bare omfatter ungdom som er registrert bosatt i Oslo og ett som omfatter hele landet, inkludert Oslo.

Datakvalitet: Vi vil gjøre oppmerksom på at tallene er beheftet med statistiske feilmarginer, og må tolkes med stor forsiktighet. Det er videre viktig å huske at spørreskjemaundersøkelser alltid vil være forbundet med visse feilkilder (alle svarer ikke, en del av svarene kan bevisst eller ubevisst være feil, osv) og at undersøkelsene det her refereres til er rettet mot ungdom i sin alminnelighet. Det er grunn til å tro at ungdom som regelmessig bruker narkotiske stoffer enten det dreier seg om cannabis eller sterkere stoffer, vil være underrepresentert i undersøkelsene.

I de årlige ungdomsundersøkelsene var det fram til midten av 1990-tallet omkring 70 prosent som besvarte spørreskjemaet, mens svarprosenten i de seinere år er sunket til 40-50 prosent. Dette er bekymringsfylt, og har etter alt å dømme sammenheng med at det i de seinere år blir foretatt svært mange spørreskjemaundersøkelser spesielt blant ungdom. Det kan derfor tenkes å foregå en viss uttrøtting av respondentene. Med bakgrunn i den synkende svarprosenten, er det derfor ytterligere grunn til å understreke at det er usikkerhet knyttet til resultatene fra et enkelt år. Hensikten med undersøkelsene er først og fremst ment som et redskap for å se på trender over tid. I og med at ungdomsundersøkelsene har gått over så mange år, representerer de tidsserier som er relativt enestående i internasjonal sammenheng og antas derfor å være av verdi, selv om svarprosenten i de senere år har vært relativt lav.

Kontaktperson: Astrid Skretting, E-post: as@sirus.no, tlf 22 34 04 36.