Diskusjon:Land

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fint at nokon torer å ta tak i dei vanskelege artiklane! Eg har nokre spørsmål allereide frå start: "Eit land kan òg bestå av ein nasjon, ofte beståande av ei dominerade etnisk gruppe, delt mellom ulike statar eller rike."

  1. Meiner du at landet kan bestå av ein nasjon?
  2. Og at denne nasjonen kan vera delt på fleire land?
  3. Men at nasjonen like vel kan innehelde fleire etniske gruppar?

Nummer 1 er grei, 2 og 3 er òg greie, men eg skjønar ikkje kva for definisjon av nasjon som kan femne alle tre. Kan du greie ut? Venleg helsing Ekko 15. februar 2006 kl. 18:52 (UTC)

Nei, (1) er ikkje grei. Ein nasjon er ei gruppe menneske med visse særtrekk. Eit land er eit landområde med visse særtrekk, det viktigaste av dei er at landet har visse institusjonar som gjer at det utgjer ein stat. Vegen ut av uføret er å definere omgrepa. Men dei må definerast med enklare ord, og ikkje med vanskelegare. Trondtr 15. februar 2006 kl. 21:10 (UTC).
Kunne me laga ei slags utvida fleirtydingsside? Ei side med korte definisjonar på land, stat, nasjon og folk same stad, og med peikarar til dei respektive sidene? Det blir lettare å skjøna om me har definisjonane samla, trur eg. --Ekko 15. februar 2006 kl. 21:31 (UTC)
Ja, eg omsette berre litt av det som sto på sv:, eg burde kanskje teke med fleirtydingane nedanfor, men det var som sagt ei omsetjing frå sv:. --EIRIK\diskusjon 15. februar 2006 kl. 21:39 (UTC)
Me burde hatt ein betre artikkel om ordet land, i tydinga det vanlegvis har (en:Country), som vel liknar omgrepet nasjonalstat, men som ikkje er heilt det same. Jmf t.d. omgrep som utlandet, mange land, over heile landet osb. Altså som eit omgrep for eit sjølvstendig område med ei eller anna form for politisk overordna styring. Slik som Noreg, Sambandsstatane, Nederland osb. Her òg finst det tvilstilfelle, som at Storbritannia er delt i tre og eit halvt land. Men nasjonalstat eller stat er iallfall ikkje heilt dekkjande for den tydinga som ordet land har i norsk daglegtale, skulle eg tru. --Tannkrem 15. juli 2010 kl. 14:47 (CEST)[svar]

Forvirra artikkel[endre wikiteksten]

Ei fleirttydingssida skal berre vera ei oversynleg lista, ikkje ei utgreiing. Dessutan ser me ut til å sakna ein artikkel som svarar til en:Country. --Njardarlogar (ordskifte) 25. mai 2012 kl. 23:11 (CEST)[svar]