Diskusjon:Langskip

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er dette verkeleg rett? At ein nyttar ordet langskip om alle typar skip som blei rodd altså. Og at galei då er en type langskip. Eg trudde det var tvert om, at galei var den vanlegaste nemninga for desse skipa og at langskip var ein klasse av desse. Slik blir i alle fall orda nytta i ei historie om den britiske flåten, NAM Rodger: The Safeguard of the Sea, eg har i hylla. --Ekko 21. april 2006 kl. 15:58 (UTC)

På moderne engelsk er kanskje galley (galei) ein meir generell term, ja. På norsk er eg litt meir usikker — eg har vel oppfatta det slik at galei er ein spesifikk type langskip. Men eg ser av Nynorskordboka at både langskip og galei er oppførte som heilt sjølvstendige omgrep der... -- Olve 21. april 2006 kl. 16:56 (UTC)
Store Norske Leksikon skriv: "langskip, norrønt hærskip, se vikingskip." Er det då slik at langskip = vikingskip? --Gunnernett 26. april 2006 kl. 16:03 (UTC)
Nei, ikkje alle vikingskip er langskip — ein knarr fell vel innanfor definisjonen ‘vikingskip’, men han er absolutt ikkje noko langskip... Og langskip frå Dei britiske øyane (som var ulike dei skandinaviske vikingskipa (men meir ulike dei danske og svenske enn dei norske) er ikkje vikingskip. -- Olve 26. april 2006 kl. 16:35 (UTC)