Diskusjon:Lefse

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tortilla = lefse?[endre wikiteksten]

Eg synest ikkje Meksikansk tortilla treng å verta ein eigen artikkel. Det er ei typisk lefse, og kan skildrast i eit avsnitt i denne artikkelen.

Spansk tortilla, derimot, er ein eggerett, og har ikkje noko med lefser å gjera. Det trengst ingen peikar til dét frå ein lefseartikkel.

--Verdlanco\ordskifte 27. mars 2006 kl. 20:06 (UTC)

Gode spørsmål, ja... :) Meksikansk tortilla er temmeleg lik i ingrediensar og tillaging, men noko ulik i bruk. No finst det rettnok folk m.a. i rørosdistriktet som rullar lemse kring fisk, men hovudregelen her til lands er no at lefser ikkje er middagsmat. Om ein berre skulle slå saman lefse og meksikansk tortilla, så hadde nok ikkje dét vore så uoversiktleg. Men da bør vi òg ha med diverse indiske lefser og lefser frå alskens andre land òg. Kan bli ein frykteleg omfattande artikkel, dette.
Kanskje vi burde ha ein oversynsartikkel under lefse, og så vise vidare derifrå til spesialartiklar om tunnbrød, meksikanske tortillas osv.?
Men anten vi gjer det slik eller slik, så bør vi no «Sjå òg»-bolkar i alle lefseartiklane. Kanskje vi til og med kunne opprette ein lefsenavigasjonsmal? :-D Olve 27. mars 2006 kl. 20:14 (UTC)
Sitat: "No finst det rettnok folk m.a. i rørosdistriktet som rullar lemse kring fisk"
Rundt fisk?? Det er vel innlandsfisk då kanskje? Å eg som alltid har hatt stor vørdnad for rørosingar...
Bør ikkje lefsa definerast betre? Slik det står no er det mest ikkje skilnad på tjukklefse og vaffel.--Ekko 27. mars 2006 kl. 20:32 (UTC)
Har lagt til at ho er utkjevla og takkesteikt. Håpar dette gjer det litt mindre vaffel- og sveleaktig... :) Olve 27. mars 2006 kl. 20:39 (UTC)

Overført diskusjon frå Diskusjon:Læms[endre wikiteksten]

Ja, framlegget om å flytta teksten i "Læms" til "Lefse" tykkjest velfundert. Såg at Brukar:Olve hadde oppretta mange nye ord/spirer (Læfs, Lemsa,...), som alle var omdirigerte til "Lefse" Dette tykktest meg ein havande praksis; det gjer det lett å finna att ting som har mange forskjellige lokale stavemåtar. Er det ein vanleg praksis på Wikipedia? - (usignert innlegg: 27. mars 2006 kl. 15:14 Sigmundg.)

Det er relativt vanleg her på Nynorsk Wikipedia, ja. Det er i grunnen praktisk slik, sidan dialektane står så sterkt som dei gjer i Noreg. Denne praksisen gjer det på den eine sida lettare å finne fram for den som berre kjenner lokalordet; og på andre sida gjev det mykje større ansvar for at vi reflekterer lokale tilhøve på ein vid og balansert måte når vi skriv; — med andre ord ein «vinn-vinn-situasjon» som det heiter her vestpå. -- Olve 27. mars 2006 kl. 20:20 (UTC)
Kansje noko slift bør gjerast med alle dei nordmørske baillsortainn òg?
Ja, e ha-nå bynnt me-ði (sillbaill => sildball; blainnabaill, blainnæball, blannaball => blandaball), mæn de står mykjy att. -- Olve 27. mars 2006 kl. 20:33 (UTC)
Har flytta innhaldet til «lefse», så denne artikkelen kan vel slettast? --Sigmundg 03:11, 28 desember 2007 (CET)