Diskusjon:MS

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Av lenkjene til andre språk å døme har alle andre wikipediautgåver artiklane liggjande på namn tilsvarande "motorskip", og ikkje ein artikkel om forkortinga. Informasjon om forkortinga ligg i artikkelen om motorskip, og ikkje er det så mykje som står her heller at det skal vere naudsynt med eigen artikkel om MS. Difor bør MS omdirigere til motorskip. Andre artiklar ligg også på fulle namn, ikkje forkortingar. --89.8.87.83 21. november 2011 kl. 13:04 (CET)[svar]

Hovudpoenget er at å å gjere informasjonen fragmentert og å strøy han utover fleire små artiklar er uteneleg for dei som treng informasjonen. Viss ein lurer på kva MS tyder treng ein truleg også å få vite kva eit motorskip er og då er det greiast å kome til den artikkelen med ei gong. MS-artikkelen er ikkje noko anna enn ein omveg. --89.8.87.83 21. november 2011 kl. 13:13 (CET)[svar]
Om MS skal omdirigerast til motorskip bør vi omdirigere alle dei andre forkortingane òg, ikkje berre nokon. Og informasjonen bør òg flyttast over, sjå til dømes artikkelen motorfartygSvensk Wikipedia. --AlexanderMG 21. november 2011 kl. 13:15 (CET)[svar]
Med mindre det er tungtvegande grunnar i kvart einskild tilfelle bør alle forkortingar omdirigerast til den fulle forma. Viss du veit om nokon er det berre å byrje. Eg veit om MS, og difor er det den eg snakkar om. At ein artikkel kan utvidast kan ikkje vere eit argument mot å omdirigere til han. Dei fleste artiklar kan utvidast eller omarbeidast. --89.8.87.83 21. november 2011 kl. 13:46 (CET)[svar]
Dei andre ligg i Kategori:Båtnemingar. --AlexanderMG 21. november 2011 kl. 13:59 (CET)[svar]
Så då er det semje om å omdirigere. --89.8.87.83 21. november 2011 kl. 14:03 (CET)[svar]
Hadde det ikkje vore lurt om du hadde flytta innhaldet (og eventuelt skreva det litt om slik at det passar betre) frå MS til motorskip, før du omdirigerte? --AlexanderMG 21. november 2011 kl. 14:11 (CET)[svar]
Det står i innleiinga i artikkelen motorskip at MS er ei forkorting for motorskip. --89.8.87.83 21. november 2011 kl. 14:16 (CET)[svar]
MS bør uansett vere ei fleirtydingside, sidan det er ei forkorting for fleire ting (kom berre på multippel sklerose i farten...)--Frokor 21. november 2011 kl. 16:28 (CET)[svar]