Diskusjon:Makarovpistol

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ord deling[endre wikiteksten]

Makarov pistol, Makarov-pistol eller makarovpistol...? -- Olve 28. juni 2006 kl. 18:39 (UTC)

Eg lurte på koss eg skulle gjera det. Det same gjeld Nagant. Eg tenkjer slik at det er to ord. (Ein) Nagant revolver, i motsetning til ei Mosin Nagant rifle. Kanskje tenkjer eg feil? Dersom du tykkjer det, ver snill og endre artikkelnamna til Nagantrevolver og Makarovpistol. Er det elles ikkje slik at eit vanleg jiddisch-ord for pistol var nagan (pl. naganes)? --Erling 28. juni 2006 kl. 18:50 (UTC)
Et alternativ: Pistolen Makarov. --KRISTAGAα-ω 28. juni 2006 kl. 19:05 (UTC)
Makarov (pistol) ?stykkjet 28. juni 2006 kl. 19:14 (UTC)
Vi prøver å unngå (parentes) i artikkelnamn anna enn der dei ville stå i ein vanleg tekst her på Nynorsk Wikipedia. Med andre ord: Johann Sebastian Bach (1685-1750) er bra; tog (jarnbane) er mindre bra.
Når det gjeld sær- eller samskriving, så vil eg samanlikne med Ford: Ford Taunus er bra, Ford bil kling mindre bra. Eg ser i sjølve artikkelen at samskriving med eller utan bindestrek er det som fell lettast i tekstsamanheng. Eit anna alternativ kunne kanskje vera å ha éin Makarov-artikkel med underbolkar, éin Nagant-artikkel med underbolkar osv.? Men det blir kanskje litt for upresist for historikarar? (Sidan Erling har historie hovudfag vil eg tru han er vel så kvalifisert som meg til å svara på det spørsmålet...) -- Olve 28. juni 2006 kl. 19:32 (UTC)
Eg foreslår anten Makarovpistolen og Nagantrevolveren som artikkelnamn, altså samskrive utan bindestrek og i bunden form, eller Makarov PM og Nagant M1895 som meir tekniske titlar. Koss endrar ein artikkelnamna? --Erling 28. juni 2006 kl. 19:40 (UTC)
Ein vel «Flytt» som står like ved «Endre». Eg hadde nesten flytta Nagant revolver til Nagantrevolver då eg fekk auge på denne artikkelen. Me bruker som regel ubestemt form i artikkelnamn, men eg er einig i at bestemt form kling litt betre her... Vanskeleg val. -- Ranveig 28. juni 2006 kl. 20:36 (UTC)
Eg set meg ikkje imot ubunden form i desse to artikkelnamna dersom det er mønsteret vi brukar (Makarovpistol, Nagantrevolver). Berre gjer det, så lagar eg omdirigeringar. --Erling 28. juni 2006 kl. 20:40 (UTC)
Eg berre gjorde det. --Erling 28. juni 2006 kl. 20:47 (UTC)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 00:16 (CEST)[svar]

[daud lenkje]