Diskusjon:Manatar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2007.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2007

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

Manatar[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Eg har sjølv skrivi mesteparten, så objektiv er eg ikkje. Men eg synest altså han blei bra. --Ekko 21:49, 17 juli 2007 (CEST)

Skal me alle tia stille om det som er bra, blir her trist. Eg lurer berre på ein ting: Kva er statusen for amazonasmanaten i Brasil? Feltet i statusboksen er tomt. --Ranveig 01:23, 18 juli 2007 (CEST)
Retta. --Ekko 11:09, 18 juli 2007 (CEST)

Røysting[endre wikiteksten]

For For Grundig og godt skrive; eg sit ikkje igjen med eit einaste spørsmål. (Bortsett frå Brasil, då)--Ranveig 01:31, 18 juli 2007 (CEST)
For For No veit eg litt om manatar òg! - Knut 18:09, 4 august 2007 (CEST)
For For Godt stykke arbeid det her, Ekko! --Frokor 19:36, 4 august 2007 (CEST)
For For --Gunnernett 18:41, 18 august 2007 (CEST)
For For Ein god og interessant artikkel. --Cato 19:25, 18 august 2007 (CEST)

There is also a currency of the same name in Azerbaijan, but it links here. :-( Miaow Miaow 25. nov. 2005 kl. 16:47 (UTC)

Fixed that now. :-) Olve 25. nov. 2005 kl. 16:56 (UTC)

Noko er hakkande gale her, om ein ser på kartet over utbreiing, og samanliknar med teksten. --Ekko 18:48, 4 juni 2007 (CEST)

Hmm... meiner du at kartet viser utbreiing på land, eller noko anna? --Ranveig 20:36, 4 juni 2007 (CEST)
Ja, noko må vera gale. Eit havpattedyr lever ikkje på land i det heile, og iallfall ikkje midt inni Sør-Amerika. --Tannkrem 21:29, 4 juni 2007 (CEST)
Amazonaselva og alle sideelvane hennar ligg jo midt i dette området. Det er vel fleire sjøpattedyr der (om eg ikkje hugsar heilt feil), og arten heiter jo Amazonasmanat. Det eg trur Ekko reagerer på her er at det står at Amazonasmanaten lev på austkysten av Sør-Amerika, medan karet viser at arten som lev der òg held til i Karibia (som i følgje teksten er Amerikamanaten). Så eg gjettar på at det er Amerikamanaten som lev på austkysten av Sør-Amerika og at Amazonasmanaten berre held til i Amazonas i området merka med raudt. --Frokor 21:38, 4 juni 2007 (CEST)
Åja. Kanskje eg skal slutta å uttala meg om ting eg ikkje har greia på. :-) Men dersom det lever manater i sjøen òg (det er vel det når det står langs kysten), burde det vore sjøområda som var markerte, ikkje dei næraste landa. --Tannkrem 21:52, 4 juni 2007 (CEST)
Eg hadde ei leikestove å snikre, difor den korte replikken, men eg meinte det Frokor skriv. Men dersom ingen veit får vel nokon ta ein tur på bilioteket? --Ekko 22:00, 4 juni 2007 (CEST)
Dessutan burde det kanskje vore skrive i teksten at manatane trekk opp i elvane (tydlegevis langt inn i Afrika i følgje figuren). I teksten står det jo òg at dei lev langs kysten mens område «nesten til Sahara» er merka av som leveområde. Trengs nok litt oppklaring her så lenge figuren stemmer (og det vil eg tru han gjer sidan han er nytta i den engelske utgåva)--Frokor 22:08, 4 juni 2007 (CEST)

Ofte kalla sjøkyr?[endre wikiteksten]

Manatar er jo sjøkyr. Er det slik at folk seier sjøku når dei eigentleg meiner manat, eller er det slik at folk ikkje veit at det finst fleire typar sjøkyr, og at dei difor vanlegvis seier sjølyr om både manatar og andre sjøkyr? Om det siste er tilfelle er det kanskje meir leksikalsk å skriva "Manatar ... tilhøyrer ordenen sjøkyr" eller noko slikt? Og om det første er tilfellet, kan det kanskje formulerast litt betre, og helst ikkje i innleiinga, der ein primært skal gje lesaren ein "normal", kort leksikondefinisjon. --Tannkrem 18:54, 29 juni 2007 (CEST)

Godt poeng. Eg arbeidar med ein utvida artikkel --Ekko 19:38, 29 juni 2007 (CEST)