Diskusjon:Mariakyrkja i Bergen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvifor flytta denne sida? Heiter ikkje kyrkja Mariakyrkja på nynorsk? --Gunnernett 15. feb 2005 kl. 2054 (UTC)

Denne kyrkja høyrer med til dei som ser ut til å ha fast etablert namneform (ikkje Mariakirka, Mariakjerka eller Mariakyrkja) — på liknande vis som Nidarosdomen, Frauenkirche og Ishavskatedralen. Dette vart diskutert på sida Diskusjon:Norske_dekorasjonar. Det bør sjølvsagt vera tilvisingar frå andre former òg. Om du er ueinig i dette og kan vise at Mariakyrkja i Bergen er meir bruka enn Mariakirken i Bergen i relevante dokument på nynorsk, så kan vi sjølvsagt flytte sida til denne forma i staden. I samband med andre norske mariakyrkjer der det ikkje finst like etablerte namn er det nok meir naturleg å bruke -kyrkja. -- Olve 15. feb 2005 kl. 2123 (UTC)

Eit raskt nettsøk på Mariakyrkja + Bergen ga 50 treff. Mellom anna arkeologinettstaden gamle naboar nyttar forma Mariakyrkja http://www.gamlenaboar.uib.no/middel1_4_1_3.htm Fleire hovudoppgåver bruker forma Mariakyrkja. NRK nyttar Mariakyrkja i nynorsk tekst. Eg tykkjer vel at i eit nynorsk leksikon skal nynorskforma om mogleg vera "hovudform", og andre former kan vera omdirigeringer eller verta omtala i teksten. --Gunnernett 15. feb 2005 kl. 2224 (UTC)

Ja, men eit googlesøk på mariakyrkja bergen ikkje OR mellomalderen OR mellomalder gjev berre 40 treff, mot 176 treff på mariakirken bergen ikkje OR mellomalderen OR mellomalder. Det finst òg NRK-dokument med Mariakirken på nynorsk. Men ut frå at du har funne denne forma i hovudoppgåvetitlar (alle nynorske oppgåver eller nokre av dei?) og i mange (?) NRK-dokument på nynorsk, så kan det hende at det ville vera betre å bruke forma Mariakyrkja her. Eg føreslår at vi ser det an ein dags tid, hører kva andre wikipedantar finn ut, og så evt. flytter sida til Mariakyrkja i Bergen om dette ser ut til å vera det mest brukande og korrekte alternativet. -- Olve 15. feb 2005 kl. 2248 (UTC)

7 år seinare[endre wikiteksten]

Det er no sju år seinare. Trass i ein viss uklårskap om denne sida burde ha "Mariakirken" eller "Mariakyrkja" i Bergen som hovudform, ligg sida framleis med tittelen "Mariakirken i Bergen".

Eg meiner også at Mariakyrkja er den beste namneforma på denna artikkelen. Etter litt googling fann eg mange nokre døme på nynorske nettsider som nyttar denne forma: Universitetet i Bergen, Nasjonal digital læringsarena, Det norske Samlaget, Forskning.no, Miljølære.no, Sogn og Fjordane fylkesleksikon, Morgenbladet og Høgnorskportalen Sambandet.

Riktignok er det ikkje like lett å søkja etter Mariakirken i nynorsk tekst på nettet, men eg har funne døme på det også hjå Os Kommune, Sogn og Fjordane fylkesleksikon (igjen), Kirkesøk.no (Nynorsk tekst i marga) og Yr.no.

Det er nok ikkje mange som går rundt og seier "Mariakyrkja", men det blir altså brukt i skrift. Sjølv tykkjer eg "Mariakyrkja" kling godt, og burde vera hovudforma her på wikipedia. Kva meiner de andre? HallvardLid (diskusjon) 16. september 2012 kl. 14:06 (CEST)[svar]

Bokmålswiki ser ut til å følgje praksisen at todelte namn, som Urnes stavkyrkje, ligg på «- kirke», mens der ordet kyrkje inngår i namnet (som i Eysteinskyrkja), let dei vere å omsetje, men skriv det omsette namnet som alternativ i sjølve teksten. Ikkje så dum ein praksis, men eg vil heller ikkje ha noko i mot at vi følgjer ein praksis som kan vere innarbeidd i andre fora, og skriv Mariakyrkja. Kva skriv målfolket i Bergen? --Knut (diskusjon) 16. september 2012 kl. 14:45 (CEST)[svar]
På tysk WP heiter ho «Marienkirche». Det naturlege må vera å nytta det nynorske namnet «Mariakyrkja» på nynorsk WP. --Sigmundg (diskusjon) 16. september 2012 kl. 15:01 (CEST)[svar]
I enkelte tilfelle, t.d. "Vår Frelsers Kirke" i Oslo, kan det vera vanskeleg å finna ei god nynorsk omsetjing. (Frelsarkyrkja? Kyrkja til frelsaren vår?) Då kan denne regelen frå bokmålswikipedia ha noko for seg - "Eysteinskirken" kling ikkje så godt heller. Men eg trur det er ein god regel å omsetja når det finst gode alternativ. Sidan det ikkje har kome sterke motargument, gjennomfører eg flyttinga. HallvardLid (diskusjon) 17. september 2012 kl. 14:07 (CEST)[svar]