Diskusjon:Mat

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

For meg ville det det vere naturleg at blod ikkje var med på det nivået i lista over Animalsk mat, blod høyrer til under kjøt for meg. Det er mogleg det kjem av for mykje lesing av kokebøker på bekostning av leksikonlesing, der plar blod stå i nærleiken av innmat, etter oppramsinga av stykkingsdelane.

Jhs 4. feb 2005 kl. 0125 (UTC)

Ja, blod hører like naturleg inn under kategorien kjøt som talg eller indrefilet gjer. Det er òg stor skilnad på okseblod, sildeblod og krabbeblod. Eit anna problem er honning: Ein kan seie at honning står i eit liknande forhold til bier og blomster som mjølk står til kyr og gras. Vegetabilsk blir ikkje heilt rett der... Elles er det no mykje ikkjeanimalsk mat som kjem frå «ikkjeplantar» òg, slik som sopp, nori og liknande. Eg har redigert litt på dette og ordna opp i nokre ting som ikkje såg heilt ferdig gjennomtenkte ut. Trur no godt at du (og andre òg, sjølvsagt) kan gjera dette òg. Så lenge vi ikkje begynner med ping-pong-redigering, så er alt vel og bra. :-) -- Olve 4. feb 2005 kl. 0137 (UTC)

I varekunnskapsboka på kokkeskulen skilde ein mellom fugl (vilt) og fjærkre (tam). Fjærkre bør vel haldast unna her i alle fall (husj-husj!), men fjørfe lyt vere velkomne, på eit eller anna nivå. Jhs 4. feb 2005 kl. 0207 (UTC)

Einig i at dette kan vera komplisert, ja. Eg gjorde mitt beste (*hulk*) ut frå tabellen på en: og mitt eige hovud, men det var altså ikkje bra nok (*snufs*).

Det eg gjerne vil oppnå med lista er både ei systematisk inndeling av matkjelder, og å lista opp nokre typiske matvarer. Derfor er til dømes blod på lista, for få vil vel koma på at det også er kjøt.

Her er eit nytt forslag til ei todelt liste:

Animalsk mat
Frå pattedyr Kjøt, mjølkeprodukt, blod o.a.
Frå fugl Kjøt av fjørfe og villfugl, egg
Frå havet Fisk og skaldyr
Plantebasert mat
Annan organisk mat
Uorganisk mat