Diskusjon:Mayahieroglyfar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Artikkelnamn[endre wikiteksten]

Mykje interessant å lese om skriftsystem på nynorsk wikipedia. Ser at ordlista ikkje tar med ordet glyff (eller glyf), men ho seier hieroglyf med ein f. Då skal vel artikkelnamnet vere Maya-hieroglyfar? Men kanskje mayahieroglyfar er like så bra? Eller berre Maya-glyfar eventuelt Maya-glyffar, mayaglyfar, mayaglyffar fordi hieroglyfar er knytt til Egypt. Roarjo 24. mars 2006 kl. 07:05 (UTC)

Ja, eg ser kva Nynorskordboka seier, men liker det dårleg. y-en er kort, både i orda glyff og i hieroglyff, så skrivemåten med ein f er dermed misvisande. Vi har engelsk caliph, norsk kaliff, engelsk glyph. Så har vi graph og graf, men der er altså vokalen lang. Eg ser også at vi har ein artikkel hieroglyf, så ja, mayahieroglyffane (hieroglyfane) får vel flytte på seg. Glyffen lar i alle fall eg stå, med von om at normerarane tar til vettet. Trondtr 17:57, 25 oktober 2006 (UTC).