Diskusjon:Militærkuppet i Thailand 2006

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Enig med Randi, så ferske nyhende høyrer ikkje heilt heime i leksikon. Vent til alt er over (for denne gong) og skriv ein stutt oppsumering i Thailandartikkelen. --Ekko 17:02, 21 september 2006 (UTC)

Ranveig, heiter ho. :-) Elles er eg usikker, dei har han jo på en:, der har dei jo så mykje rart, men… --EIRIK\diskusjon 17:16, 21 september 2006 (UTC)
Å søren! Ho får ha meg unnskyldt! --Kjersti Løfsnes
På en brukar dei ein mal for rykande ferske hendingar som enno ikkje har rukke å verte historie, eg ser dei har fått same malen på no og.----Anders 19:31, 21 september 2006 (UTC)
Eg trur artiklar av denne typen høyrer til i kategorien "skriv om du må". Altså, om nokon vil ta seg bryet med å skriva ein lesbar, wikifisert, nynorsk artikkel skal dei få lov til det, men oppgåva treng ikkje prioriterast. Eg trur ikkje me treng, eller kjem til å få, underartiklar om kvart eit kupp og kuppforsøk i verda. -- Randalf den slette 20:17, 21 september 2006 (UTC)
Det skal noko til når det berre i Thailand åleine har vore 23 statskupp(samt forsøk) dei siste 75 åra.--Anders 20:26, 21 september 2006 (UTC)

Om ingen har noko imot det vil eg flytta denne artikkelen til ein oversynsartikkel, Militærkupp i Thailand. --Ranveig 10:47, 23 oktober 2006 (UTC)

Høyrest betre ut... --Anders 11:03, 23 oktober 2006 (UTC)
Ueinig. Skriv gjerne ein artikkel om Militærkupp i Thailand òg. Men om nokon vil skriva ein artikkel om Militærkuppet i Thailand 2006, så la dei vel få lov til det. Denne artikkelen, om han vert ferdig omsett, vil bli ein svært dårlig artikkel under tittelen Militærkupp i Thailand - han omhandlar jo berre dette eine. --Barend--129.177.169.27 12:15, 23 oktober 2006 (UTC)
Eg er samd med Barend. Denne artikkelen er for stor til å vera den einaste informasjonen i ein oversynsartikkel. Og om dei andre kuppa skal ha tilsvarande, vert det ein svært lang artikkel. Det er kanskje hypotetisk, men kva om ein eller annan får lyst til å skriva om alle desse kuppa ein dag? --Tannkrem 12:21, 23 oktober 2006 (UTC)
Det i artikkelen som står på nynorsk er eitt avsnitt, resten er kopiert frå bokmålswikipedia, og likner meir på ein avisartikkel enn noko som høyrer heime i eit leksikon. Tanken var sjølvsagt å ta bort det overflødige og legga til meir stoff om dei andre kuppa òg. Eg synest emnet er for lite og uinteressant til at det treng ein eigen artikkel, og trur heller ikkje det er noko folk vil søka etter -- me bruker som regel namn når me søker, gjer me ikkje? Skriv heller det som trengst i Thaksin Shinawatra, Sondhi Boonyaratkalin og Thailand (og kanskje òg militærkupp i Thailand). -- Ranveig 12:34, 23 oktober 2006 (UTC)
Etter å ha sett litt betre etter, ser eg at du har jo heilt rett. Artikkelen skildrar ei gamal hending som om det er noko som er io ferd med å skje, og det er berre det første avsnittet som har noko på nynorsk wikipedia å gjera. --Tannkrem 13:04, 23 oktober 2006 (UTC)


Er det framleis stemning for å flette eller flytte denne artikkelen? Eg syns han bør stå som ein eigen artikkel, sidan me etter kvart har fått ein del liknande artiklar. --Frokor (diskusjon) 17. november 2012 kl. 14:24 (CET)[svar]
Det er rett, så han kan gjerne stå for meg -- sjølv om han ikkje gjev særleg mykje informasjon om emnet. --Ranveig (diskusjon) 17. november 2012 kl. 15:09 (CET)[svar]