Diskusjon:Morfem

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg las om Sandhi i artikkelen om Grenlandsmålet. Eg forstod ikkje det utan å slå opp Sandhi. Og det som stod der, forstod eg ikkje utan å ha slått opp Morfem. Og det som står i innleiinga til artikkelen om morfem, forstår eg absolutt ikkje.
Eg forstår at ein må nytte faguttrykk for at ein artikkel skal bli presis, men innleiingsvis bør artikkelen gje ei oversikt som er forståeleg for ein som ikkje har fagutdanning innan feltet. Så kan ein heller skru til med strammare fagleg ordbruk undervegs i artikkelen. --Knut 16. januar 2011 kl. 13:22 (CET)[svar]

Du har rett, og feilen er min. Eg skal sjå på det. Trondtr 16. januar 2011 kl. 14:17 (CET).[svar]
Litt betre no; sjå på det og skriv her (eller på sida mi), så held eg eit auge med det, og skriv meir. Trondtr 16. januar 2011 kl. 14:25 (CET).[svar]
Eg skal ikkje påta meg å seie korleis ei innleiing bør vere når eg ikkje er heilt sikker på kva eit morfem er. For meg er den tyske innleiinga meir forståeleg enn den norske. Men om det eg lærte der var korrekt, veit eg jo ikkje. Eg forstår at morfemet kan vere «ei[n] berar av meining», men korleis kan morfemet vere «meininga sjølv»? Ordet «mein-ing-s-ber-ande» har fem morfem, om eg forstår den tyske innleiinga rett. Vil dette vere forskjellig, ut frå kva slags teoretisk tilnærming vi har? Og har dei ulike modellane betydning for forståinga av artikkelen om Sandhi? Eg trur ikkje det, og då kunne den teoretiske problematiseringa kanskje med fordel vore skuven lenger ut i artikkelen, evt heilt til sist i innleiinga? --Knut 16. januar 2011 kl. 18:47 (CET)[svar]