Diskusjon:Musikk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg er i sterk tvil om det er fagleg forsvarleg å dra eit skilje mellom såkalla "seriøs musikk" og folkemusikk. Noruga 09:14, 30 november 2006 (CET)

Tykkjer det er grovare å hevde at folkemusikk kan kallast pop(ulær)- musikk. Ikkje at eg har noko imot folkemusikk utafor personlege preferansar.. --Anders 09:32, 30 november 2006 (CET)
Artikkelen kan utvidast og endrast, ver djerv (be bold).
I seriøs ligg ofte at motsatsen er useriøs, medan det eg les av teksten er at det er eit skilje mellom den skulerte musikken/kunstmusikken og populærmusikken/den folkelege musikken. Seriøs musikk er internlenkt til klassisk musikk, i tillegg til at det vert sagt at seriøs musikk også vert omtala som klassisk musikk. Finnest det andre omgrep til å omtale den skulerte musikken/kunstmusikken? --Jorunn 10:07, 30 november 2006 (CET)
Som både klassisk musikar og folkemusikar kan eg gå god for at folkemusikk i den norske tydinga av termen inkluderer mykje kompleks musikk der ei grundig skulering trengst for å utøve han rett. På engelsk skil ein gjerne mellom traditional music (som inkluderer «skulert» folkemusikk) og folk music, som inkluderer enkel visesong og ymse populærmusikk. I Tyskland brukar ein gjerne nemninga Volksmusik om hopplaaktig ompamusikk. Det blir heilt feil, fagleg sett, å plassere Hallvard Bjørgum, Magnhild Almhjell eller Ragnar Vigland i same gruppa... Men kva vi skulle gjera i staden er ikkje godt å seie... :] Olve 13:14, 30 november 2006 (CET)