Diskusjon:Neville Chamberlain

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frå høgresida i hans eige parti til folk i hans eige parti (som angreip han). Det er ikkje oppgitt kjelde til denne artikkelen, men eg finn jo att mykje frå den engelskspråklege. Der er den aktuelle formuleringa slik: "However, from 1935 on, financial strains grew as the government proceeded on a programme of rearmament. Chamberlain, aware of the strain this was placing on the Exchequer, found himself being attacked on two fronts: Winston Churchill accused him of being excessively frugal with defence expenditure, but the Labour Party attacked him as a warmonger in the 1935 general election." Står ikkje noko om høgreside i og for seg her. Eg legg òg merke til at det ikkje står noko om at den britiske konservative regjeringa nekta å selje våpen til den spanske republikken som kjempa for livet mot Franco. Det var ikkje akkurat høgresida i britisk politikk som protesterte mot dét... --Erling 21:08, 2 januar 2007 (CET)

For å vise enda tydelegare at dette ikkje var eit eintydig høgre-venstre-spørsmål slik eg ser denne artikkelen framstiller det med utgangspunkt i bokmålsartikkelen, og ikkje den engelske originalen, kan eg referere dette frå artikkelen vår om ein av dei fremste på Labour sin venstrefløy, Aneurin Bevan: "Bevan var ein tidleg motstandar av fascismen, og agiterte for britisk støtte til venstresida i Spania under den spanske borgarkrigen. I 1936 gjekk han inn i leiinga i den nye radikale sosialistavisa Tribune, og han gjekk inn for ein samla sosialistisk front på heile venstresida, inkludert dei britiske kommunistane. Dette førte faktisk til at han blei midlertidig ekskludert av Labour Party eit halvt års tid i 1939. Bevan var sterkt imot utanrikspolitikken til Neville Chamberlain, og gjekk inn for at Winston Churchill skulle ta over makta i det konservative regjeringspartiet. --Erling 21:21, 2 januar 2007 (CET)