Diskusjon:Nobelprisen i økonomi

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvifor har denne prisen ein annan mal enn dei andre nobelprisane?--Sigmundg 21:44, 15 oktober 2007 (CEST)

Planen var vel eigentleg å laga ein mal med oversyn over alle vinnarane også for dei andre prisane, men det har ikkje vorte gjort enno. Elles er økonomiprisen litt annleis enn dei andre pga. at han er oppretta i etterkant av den svenske sentralbanken til minne om Nobel, men akkurat dette har ikkje noko med malvalet å gjera. --Erlend 22:05, 18 oktober 2007 (CEST)
Vel, kanskje litt -- ei liste på litt over tretti vinnarar blir kortare enn ei på rundt hundre, slik at økonomiprismalen blir litt lettare å handtera. Eg tenkte ei stund på å dela opp dei andre i tiår, men med dei gilde parserfunksjonane våre er det no faktisk mogleg å laga magiske malar der ein t.d. viser fram fem år før og fem etter vinnaren det gjeld. Kunne det vore noko? --Ranveig 22:17, 18 oktober 2007 (CEST)
Er det på tide å ta opp att denne diskusjonen? Denne artikkelen er litt rar i forhold til dei andre nobelprisane. Me har ingen bilete av vinnarane, og infoboksen med namna på vinnarane har ikkje vorte oppdatert sidan 2007. Sjølv veit eg ikkje korleis han skal oppdaterast, heller. Eg ser poenget med at dette ikkje er ein vanleg nobelpris, men sida treng ikkje sjå uprofesjonell ut for dét. På sikt foreslår eg å laga til same type prisvinnartabellar som dei andre nobelprisane har. HallvardLid 10. oktober 2011 kl. 15:40 (CEST)[svar]

Foreslår flytting til Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitskap til minne om Alfred Nobel eller Sveriges Riksbanks pris i ekonomisk vetenskap till Alfred Nobels minne da dette ikkje er ein eigentleg nobelpris. --KRISTAGAα-ω 14. mars 2009 kl. 00:35 (CET)[svar]

Har laga omdirigeringar på desse namna. HallvardLid 10. oktober 2011 kl. 15:42 (CEST)[svar]