Diskusjon:Nordøya på New Zealand

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er det eigentleg naudsynt med presiseringa "på New Zealand" i artikkeltittelen? Kva andre nordøyer er det? I alle høve må det ligga ei omdirigering under Nordøya, og det gjer det for tida ikkje. Det same gjeld Sørøya.--Barend 10:47, 18 februar 2008 (CET)

Tja, i alle fall nemner engelsk Wikipedia 8 «Nordøyer» [1] og ei «Sørøy» [2] i tillegg til dei newzealandske på fleirtydingssidene sine, den som leitar godt andre stader, finn truleg fleire. Tenkte det var best å vera føre var då eg i si tid omsette desse stykka. Det samme gjeld også ei rekkje engelske stadnamn som finnst på NZ i tillegg til andre engelskspråklege stader på kloden, så ein slepp vel ikkje heilt unna presiseringar hist og her?--PerPlex 20:44, 18 februar 2008 (CET)
en: har denne øya liggjande på oppslagsordet North Island. Så om du skal bruka en: som referanse, bør artikkelen som Barend seier liggja på Nordøya. Men lag gjerne fleirtydingssida, anten på Nordøya eller på Nordøya (fleirtyding), dei som kan dei norske namna på alle desse øyane. --Tannkrem 21:01, 18 februar 2008 (CET)
Statens kartverk har Nordøya 23 stader i Noreg, men kor mange av desse som nokongong får wikipediaartikkel er meir usikkert. Nordøya på Ny Zealand er likefullt utvilsamt den viktigaste. --Knut 21:09, 18 februar 2008 (CET)