Diskusjon:Norsk Ordbok

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne ordboka heiter Norsk Ordbok med stor forbokstav i Ordbok. Det er ei anna ordbok som heiter Norsk ordbok med liten forbokstav.

På bokmål har dei artiklane no:Norsk Ordbok og no:Norsk ordbok, medan på engelsk har dei artiklane en:Norsk Ordbok (Nynorsk) og en:Norsk ordbok (Riksmål), med en:Norsk Ordbok/en:Norsk ordbok som "disambiguation page". Kva er den beste løysinga her? May S. Day 4. mai 2009 kl. 22:51 (CEST)[svar]

Same som på no:, med like tilvisingar først i artikkelen. Kjekt at utgjevarane gjer det lett for oss. --Ranveig 4. mai 2009 kl. 23:19 (CEST)[svar]
Eg er ikkje samd i at løysinga dei har vald på no: er god. Stor eller liten O er underordna, prosjektet Norsk Ordbok er først og fremst det store prosjektet som skal dokumentere ordtilfanget i norsk språk. For Riksmålsforbundets ordbok som til tider går under det same namnet, vert kanskje namnet skrive med liten O på omslaget (eg har ikkje sett det), men Riksmålsforbundet sjølv skriv det med stor O [1].
I dette tillfellet er skilnaden i betydning og omfang for dei to prosjekta så stor, at vi bør ha omdirigering frå Norsk ordbok til Norsk Ordbok, med ei tilvising herfrå til Norsk ordbok med 1000 illustrasjoner <evt vidare> : riksmål og moderat bokmål, som vel er det fulle namnet på boka. [2]. --Knut 5. mai 2009 kl. 07:34 (CEST)[svar]
Vi har kunnskapsforlaget si bok her: [3]
Dessutan har vi denne frå Cappelen, i same kategori når det gjeld omfang: [4] --Knut 5. mai 2009 kl. 08:21 (CEST)[svar]
Samd med Knut. Norsk Ordbok var først, er størst og viktigast. Me får finne andre namn for dei to andre. --Ekko 5. mai 2009 kl. 08:42 (CEST)[svar]

Eg lagde Norsk ordbok (fleirtydingsside)‎ -- Knut 5. mai 2009 kl. 23:00 (CEST)[svar]

Presisering: Tor Guttus Norsk ordbok har ikkje noko med Riksmålsforbundet å gjera. Den er utgjeven av Kunnskapsforlaget. "Forgjengeren" Riksmålsordboken hadde Det Norske Akademi og Kunnskapsforlaget som utgjevarar. Kanskje den opprinnelege tittelen (frå 1991), som er òg er brukt, side om side med Norsk ordbok, i 2005, Aschehoug og Gyldendals store norske ordbok, er best? May S. Day 5. mai 2009 kl. 23:51 (CEST)[svar]
http://www.ordnett.no/ordbok.html er Guttu-ordboka berre kalt "Norsk ordbok", men sjå bibliografien i artikkelen som visar dei mange titlane (og undertitlane) ordboka hev vorten utgjeven under (henta frå Bibsys). May S. Day 5. mai 2009 kl. 23:55 (CEST)[svar]
Eg skjønner ikkje heilt kva du meiner, men poenget mitt var å reservere artikkeltittelen Norsk Ordbok med stor og liten «o» for den første og største norske ordboka. Det kan gjerne finnast betre artikkelnamn enn Norsk ordbok med 1000 illustrasjoner for Guttu-boka. Samstundes kan vi tenkje ut betre namn for (den manglande) artikkelen om Norsk Ordbog (1873). --Knut 6. mai 2009 kl. 07:20 (CEST)[svar]
Kva er det du ikkje skjønar av det eg skreiv? May S. Day 7. mai 2009 kl. 01:35 (CEST)[svar]
Eg skjønner ikkje heilt kva du meiner vi bør kalle artikkelen, dersom han må heite noko anna enn Norsk ordbok. Men ut frå forslaget til Olve (sjå nedanfor), kunne Tor Guttu: Norsk ordbok vere eit alternativ.--Knut 7. mai 2009 kl. 07:14 (CEST)[svar]
Eg skreiv jo "Kanskje den opprinnelege tittelen (frå 1991) [...], Aschehoug og Gyldendals store norske ordbok, er best?". Er ikkje det ganske klårt? Dei andre kommentarane etter det var berre meint som opplysing. May S. Day 7. mai 2009 kl. 10:10 (CEST)[svar]
Joda, det er ganske klårt. Men eg kan vere så sørgeleg treig i oppfattinga. Ser du har flytta alt, bra. --Knut 7. mai 2009 kl. 12:41 (CEST)[svar]
«Ivar Aasen: Norsk Ordbog» (og dessutan «Hans Ross: Norsk Ordbog» osv.), kanskje? :-) Olve Utne 6. mai 2009 kl. 11:35 (CEST)[svar]
Eller Norsk Ordbog av Ivar Aasen etter mønster av songar og musikkalbum? --Ranveig 7. mai 2009 kl. 10:22 (CEST)[svar]