Diskusjon:Norske dekorasjonar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nynorske namn på medaljane?[endre wikiteksten]

HJELP ka har eg gjett meg ut på no!:) Eg treng ei andre og tredje meining på eit dilemma. No når eg skriv om desse medaljane har eg oppdaga at dei aller fleste har namn på bokmål. Mange av dei er vedtekne av kongeleg resolusjon der namnet er vedteke som det det er. Det er ingen tradisjon for å omsette lover, kongelege resolusjonar og liknande frå den eine målforma til den andre. Bør eg alikevel omsette namnet til nynorsk? I så fall kan dei bli ganske forskjellige frå originalen og vanskelege å kjenne att. Kanskje bruke begge i teksten og lage redirigeringssider? Meinigar!Inge 11. feb 2005 kl. 1503 (UTC)

Eg trur det er rettast å behalde originalnamnet både som artikkelnamn og i artiklane. Men det bør nok òg vera tilvisingssider frå det som ville vore korrekte nynorskformer. -- Olve 11. feb 2005 kl. 1857 (UTC)
Kva med skular, kyrkjer og slikt? Skulen på Kleppe heiter Kleppe skule, òg i bokmålstekstar. Lyt då kyrkja på Tjensvoll liggja under Tjensvoll kirke? Hadde eg vore noko vaknare skulle eg freista finna ut kva Språkrådet seier... Jarle 11. feb 2005 kl. 2312 (UTC)
Dei fleste skular og mange kyrkjer har fast definerte namn på det viset — slik heiter det t.d. Mariakirken i Bergen og Nordmøre folkehøgskule. Der det ikkje finst noko definitivt fastspikra namn, trur eg det er best å prøve å halde seg til nynorskformer — slik som Grip kyrkje og Edøy kyrkje. I fall der oppslagsforma ikkje er regelrett nynorsk bør vi ha tilvisingssider få nynorskforma. Truleg bør dette gå båe veger, slik at ein t.d. kan slå opp på Grip kirke og bli omdirigert til Grip kyrkje. -- Olve 15. feb 2005 kl. 0217 (UTC)

Det blir litt for mange store forbokstavar og litt for mykje særskriving her, så det kan vera lurt å sjekke primærkjelder... Det finst ei liste over ordenar på http://www.kongehuset.no/ - klikk på "aktuelt". -- Olve 15. feb 2005 kl. 0217 (UTC)

Sjå òg: Brukardiskusjon Inge.

Dette gjorde eg av di diskusjonen verka ganske daud og det har ikkje vore så veldig mange som har vist interesse for artiklane eller dette spørsmålet. Eg vil gjere deg merksam på at eg ikkje har fjerna bokmålsformene, men eg har gjett sjølve artiklane nynorske namn i staden. Eg meiner at medaljar i prinsippet skal finnast på båe målførene på same måte som annan viktig offentleg informasjon/produksjon. Det er vel lovpålagd i ei eller anna form i meir generelle ordelag òg vil eg tru. Eg meiner vi bør nytte nynorsk der vi kan, det er for så vidt heilt i orden å oversette medaljenamn og statuttar til engelsk, kvifor då ikkje til nynorsk? Det meste av innhaldet i artiklane er oversett frå offisielle statuttar på bokmål. Det er like rett eller feil å oversette sjølve namnet. Problemet med å lage desse artiklane er at det ikkje finst så veldig mykje om dei fleste på nettet, og alt det som er er på bokmål. Så dersom det finst offisielle nynorsknamn ligg dei på eit ukjent kontor ein plass i Oslo. Eg meiner det er forskjell på at ein skule heiter "XXX skule" uansett viss det er vedteke og ein medalje som skal gjelde for heile landet og er eit offisielt uttrykk frå den toskriftspråklege staten Noreg. At eg har vert litt for kjapp i vendinga når eg oversette nokre av namna tek eg fullstendig ansvar for. Dersom nokon med litt betre ferdigheiter på området har meiningar om omsetjingane er det supert.

Eg er heilt med på at vi skal ta beslutningar i lag, det vil eg ha sagt. Men så verka det som om det var litt delte meiningar og ikkje så veldig stort engasjement til slutt. Difor tok eg ei beslutning i samband med det vidare arbeidet mitt. Inge 31. mar 2005 kl. 1856 (UTC)

Forsvarets medalje for falne og såra i strid[endre wikiteksten]

Forsvarets medalje for falne og såra i strid er ny og eg har ikkje greidd å finne ut kvar den skal vere i rangeringslista over medaljar. Ingen av listene som ligg ute er oppdaterte enno. Eg trur forresten denne lista er ein kongeleg resolusjon så det kan hende det tar ei tid. Men medaljen skal altså vere med... Inge 31. mar 2005 kl. 1310 (UTC)