Diskusjon:Offisielt språk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er noko som skurrar med å flytte den norske "målform"-metaforen over til samisk. Rett nok blir dei tre samiske språka ofte slått saman under ei nemning "samisk", men reelt sett er språket "samisk" like veldefinert som språket "nordgermansk" ("nordgermansk" er som kjent eitt av dei offisielle språka i EU, det har målformene svensk og dansk). Trondtr 3. august 2005 kl. 19:09 (UTC).

For ikkje å vere for negativ til artikkelen slik som han stod: Det er eit poeng attom formuleringa: at det i grunnlovas §110a (er det vel) berre står om eitt språk, nemleg om språket "samisk", og at det aldri er presisert kva "språk" samisk er. Fordelen med ein slik upresis språkbruk (frå samisk side) er at det er mogleg å leggje den tydinga som passar i dette sentrale ordet, alt etter kva som höver i ein viss situasjon. Korleis dette skal formulerast (t.d. her) veit eg ikkje, men i samband med omgrepet "offisielt språk" er det unekteleg eit poeng å vere i stand til å identifisere det språket som skal vere offisielt (eit problem vi kjenner frå andre samanhengar i Noreg også). Trondtr 3. august 2005 kl. 19:22 (UTC).