Diskusjon:Operativsystem

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Me bør finna eit betre ord enn "vindaugehandsamar" for å skildra brukargrensesnittet i eit operativsystem. Det finst operativsystem som er tekstbaserte, sjølv om den vindaugebaserte typen er mykje meir vanleg i dag grunna Microsoft sitt monopol. --Tannkrem 17:20, 5 juni 2007 (CEST)

Vindaugehandsamaren er ein del av det grafiske brukargrensesnittet, noko som ein og finn i Mac'ar og stort sett alle Linux baserte operativsystem/distribusjonar. Det motsette er command line interface, tekstbasert brukargrensesnitt som Microsoft lenge tviheldt på fram til 1995. Eg trur det ordet som bør nyttast i staden er brukargrensesnitt, eller berre grensesnitt. Ein kan, har eg lest, klare seg utan vindaugehandsmar, om ein absolutt vil.--Anders 03:11, 13 september 2007 (CEST)

Mangelfulle referansar[endre wikiteksten]

Når ein gjev opp referansar (som ein absolutt bør gjera) bør dei vera fullstendige, slik at brukarane kan finna dei att på eit bibliotek, eller i ein bokhandel:

  • For bøker bør ein ha med: Forfattar(ar), Fullstendig tittel, utgåve (om det ikkje er 1st utg.), forlag, år.
  • For jornalartikklar bør ein ha med: Forfattar(ar), Fullstendig tittel på artikkel, namn på journal, bind, nr, mnd, år, sidetal (frå-til).

I denne artikkelen syner kanskje Tanenbaum til: Tanenbaum, A.S., Modern Operating Systems, 2. utg., Pearson, 2007., men så lenge referansen er så ufullstendig som her kan det like godt vera ei anna utgåve. --Sigmundg (diskusjon) 12. april 2012 kl. 22:02 (CEST)[svar]