Diskusjon:Austkanten og vestkanten i Oslo

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Oslo Vest)

Dersom ein skal ha ei utgreiing om kor grensa mellom Oslo aust og vest går må ein nok ha kjeldetilvisingar. Eg har berre ei: når Bjølsen Valsemølle syng vest for elva, men like ved/såra i kjærlighet på Bjølsen et sted[1] trur eg det er ei presis oppsumering av korleis mange oslofolk oppfattar tilhøvet. Like ved, men på vestsida. (Bjølsen er ein opphaveleg arbeidarklassebydel på vestsida, men ligg han atmed Akerselva.)

  1. Bjølsen Valsemølle: Vest for elva, på 5 på midnatt. Norsk Plateselskap, 1982.

(Helge H begynner her) Industrien på 1800-talet og arbeidarbustadene som hørde til bedriftene ligger på begge sider av Akerselva. Sagene var det første slike strøket, og det meste av Sagene ligg på vestsida av elva. Jan Eivind Myhre seier i Oslo bys historie (Cappelen 1990) side 379: "Mot slutten av århundret <1800-tallet, HH> ble Kristianias todeling i øst og vest klarere, med ryggen fra Hamnmersborg og nordover forbi Gamle Aker kirke og opp Iladalen som en omtrentlig skillelinje.". Knut Kjelstadli sier i bind 4 side 45: ""Ælva" var grensa mellom øst og vest, ville mange si. Egentlig gikk skillet lenger vest. Sentrum øst for Akersgata var arbeiderstrøk godt som noen. Nordover herfra gikk en klasselinje langs Vår Frelsers greavlund og den nåvæærende Uelands gate opp til Sagene, som også for det meste lå vest for Akerselva. Av og til ble området rundt Sagen kalt nordkanten." Helge Høifødt 20:17, 16 januar 2007 (CET)

«Tarmkjensla mi», for å seie det med anglosaksarane, er at Jan Eivind Myhre og Helge H framstiller det slik som eg oppfattar det etter mine kring fem&ndash,seks år i Oslo... -- Olve 20:21, 16 januar 2007 (CET)
Eg er ikkje riv, rav ruskande ueinig i resonementa til Helge (og kjeldene er gode, kan han setta dei inn i artikkelen?). Men dersom me går så grundig til verks med aust- og vestkant, bør me vel kanskje seia noko om "klasseøyene" òg? Nordstrand i aust, Balkeby og delvis Ruseløkka i vest. --Ekko 20:37, 16 januar 2007 (CET)
Einig med siste talar òg. :-) Olve 21:28, 16 januar 2007 (CET)