Diskusjon:Oslofeltet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oslofeltet er jo mykje større enn Oslo. Så korleis kan det vera ein dal i Oslo? Ikkje er det ein dal og ikkje er det i Oslo. --Ekko 22:22, 4 mai 2008 (CEST)

OK, eg fjerna siste kategori. Ein dal er det uansett. Elles så må artikkelen skrivast kraftig om. --Frokor 22:26, 4 mai 2008 (CEST)
Tja, ha, hm. Det er vel slik at ettersom ein graben pr. definisjon er ei forsenking, så kan det kallast ein dal. Samstundes blir jo dette riv rav ruskande gale i kategorisystemet, når områda rundt er slipt ned (som i Oslofeltet) eller «dalen» er fylt med vatn (som i Oslofjorden). Eg trur det er best om me reserverar kategorien dal for dei formasjonane me vil kalle dalar i dag. --Ekko 08:48, 5 mai 2008 (CEST)
Einig. Han kan stå slik han står no kanskje, i den generelle Kategori:Riftdalar. Trur ikkje det kjem så mange i denne. --Frokor 10:56, 5 mai 2008 (CEST)