Diskusjon:Overeitt i navigasjon

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bør vi ikkje skrive overeitt? Knut 22:09, 27 februar 2007 (CET)

Samskriving av over eitt. Lyder som betre nynorsk, ja. Skriftlige kjelder om dette har eg berre sett på bokmål. Nokon andre som har synspunkt? Roarjo 20:27, 28 februar 2007 (CET)
Både overett og overeit verkar konstruert. Méd er eit godt og mykje bruka norsk ord, så eg foreslår å skrive litt om og flytte. Artikkelnamnet kom som ei freistnad på¨omsetjing av det svenske sv:enslinje som svarar til overett på dansk og bokmål. Roarjo 21:45, 8 mars 2007 (CET)
Mulig at det er konstruert, men det er brukt lenge. Og setningar som "Kirketårn overeitt med lykt på nes" er jo klåre og greie. Men korleis nyttar ein ordet méd? "I méd med"? --Ekko 21:53, 8 mars 2007 (CET)
I méd med kirketårn over lykt på nes? sjå elles ordlista og no:Med.
Kan gjerne gå med på å flytte artikkelen til Overeitt i navigasjon, har berre ikkje hørt eller lest overeitt (men no har eg ikkje eit eller eitt i dialekten heller) Roarjo 22:08, 8 mars 2007 (CET)
Skogsmatrosen prøver seg på sjøen: Eg meiner vi brukar overeittmerke som nemning på lys o.l. som skal stå overeitt, medan vi brukar méd om naturlege merke. Og då seier vi ikkje i méd med. Frå sjøkartet kan eg lese nokre méd: Vestre rør av Dønna over toppen av Skjærvær - Seiskjæret brake til Lissåsbraken båke - Helløyfloget litt innpå søndre pynt Bubraken. I andre samanhenger har eg høyrd folk seie å ta méd av, dvs merke seg méd ut frå holmar og fjell. Sidan overeittmerke er konstruerte, er det ikkje verre å bruke eit konstruert ord. Og når konstruksjonen er avleia av talordet eitt, vil eg halde på diftongen, sjølv om han er stutt (og derfor knapt høyrest).
Lag gjerne ein artikkel om méd, men eg trur det vert forvirrande å blande overeittmerka inn her. Knut 22:19, 8 mars 2007 (CET) (PS: Bør eg leggje inn på brukarsida mi at eg har båtførarprøven?).
Eg har endra frå overett til overeitt ut frå diskusjonen her. Eg la og til ei setning om méd, som nok fortener ein eigen artikkel i tillegg. Der eg er frå ville ein nok snakka om méd og i samband konstruerte merke. Typisk, kva er méda/médene mellom Stamsund og Valbergsflesa? Du går sørover til du har eiddisholmen i kyrkja, då styrer du rett aust inntil du har kkjerringa på XX-holmen i storneset. stykkjet 14:41, 9 mars 2007 (CET)
PS - Knut, eg synst du skal ta det med, kanskje eg og skal gjere det og legge til at eg har Sikkerhetskurs for fiskere :-) stykkjet 14:42, 9 mars 2007 (CET)
Då skriv eg overeitt i navigasjon utan frykt for å ha konstruert noko som ikkje er i bruk. Vi bør vel óg flytte artikkelen. Oppgåve: kva gjorde dei gamle fiskarane før radaralderen når dei styrte mellom Stamsund og Valbergsflesa i bekmørke og tett snykov. Roarjo 21:23, 9 mars 2007 (CET) , VHF-sertifisert etter eit kveldskurs over to timar.
Tok han på gefylen stykkjet 17:09, 10 mars 2007 (CET) (ja, heilt konkret, dei kjente vindretning og bølgjemønster godt nok til at dei i kjente farvatn kunne styre etter dette. Kanskje ikkje verdas mest nøyaktige navigasjon, men ...)