Diskusjon:PDA

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flott start på ei side om handhaldne datamaskiner. Eg trur me kan finna eit betre namn enn "Pda" for denne sida. PDA kan blant anna òg stå for eit medfødt hjarteproblem, "patent ductus arteriosus", dessutan står forkortinga PDA for "Personal Digital Assistant" som jo er engelsk. Uansett bør me ha ei fleirtydingsside på PDA slik dei har det på engelsk. Eg har høyrt mange (inkludert meg sjølv :P) som nyttar "håndholdt datamaskin" i daglegtale, eller "handhalden datamaskin" på nynorsk. Språkrådet føreslår fleire omsetjingar (sjå palmtop og PDA), og alle er ganske gode:

  • hand-PC (googlefight: 51)
  • lomme-PC (googlefight: 12 700)
  • handhalden datamaskin (googlefight: 7)
  • PDA (personleg digital hjelpar) (googlefight: 5)

Som de ser, er eit av forslaga å nytta PDA, men å kalla han personleg digital hjelpar. Kva trur de? Bjarte 18. mar 2005 kl. 2227 (UTC)

Eg tykkjer det blir litt kronglete å forkorta "personleg digital hjelpar" til PDA og lomme-PC ser ut til å vera ganske godt utbreidd så det likar eg best. Ellers har eg mykje meir lyst på ein fjøl-PC i staden for ein notatblokk-PC, men det er det visst ingen som brukar:] --Guttorm 18. mar 2005 kl. 2307 (UTC)

Fjøl-PC ja;) Eg tykkjar notatblokk-Pc er eit passe greit uttrykk, kanskje ein smule tungvint å nytte i daglegtale vel og merke, Pille-PC er og ei grei fornorsking:) Når det gjeld PDA/lommepc, så bør i alle tilfelle det komme fram i artikkelen kva andre relevante namn dei kan gå under, veit ikkje kva retningslinjer vi har på wikipedia om å lage paralelle artiklar. Uansett, ikkje ver redd for å endre på sidene, slik dei står no er dei nærare spirer enn fullverdige artiklar.--antiKristian 20. mar 2005 kl. 0420 (UTC)

Men alle skjønar vel intuitivt lomme-pc?--Ekko 13. januar 2006 kl. 21:27 (UTC)