Diskusjon:Paleoøkologi

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Palaeo»-artiklane burde kanskje vore plasserte under «paleo» om me skal følgje nynorskordboka (og det skal me vel helst). Det er ingen treff på «palaeo-» der så vidt eg kan sjå.

Eit godt argument. Grunnen til at eg har plassert dei på "palaeo" etter det eg har forstått ligg nærare den greske ordrota, at dei leiiande forskarane innanfor feltet (iallefall i Noreg) nyttar denne forma. Dette er elles småplukk eg ikkje har noka sterk meining om.--Gunnar 13. november 2008 kl. 17:16 (CET)[svar]
Eg flytta utan meir om og menn ettersom dette var blitt teke opp på diskusjon:paleolimnologi for ei tid sidan. Elles trur eg norske forskarar les for mykje engelsk. --Ranveig 13. november 2008 kl. 17:36 (CET)[svar]
Innanfor naturvitskapen er det (diverre?) slik at det knapt vert publisert lesverdig stoff på andre språk enn engelsk. Om ein vil at norske forskarar skal vera på høgd med forskarar i resten av verda går det difor ikkje an å seia dei les for mykje engelsk. Om dei les for lite på norsk er eit anna spørsmål.
Palaeo/paleo-diskusjonen har lite med engelsk å gjera; båe former vert nytta i engelsk. Grovt generalisert kan ein seie at amerikanske palaeoøkologar nyttar "paleo", medan britar nyttar "palaeo". --Gunnar 13. november 2008 kl. 17:49 (CET)[svar]
Og dermed er "ae" eit lån frå (britisk) engelsk, fordi dei der har tradisjon for å skriva til dømes archaeology, anaemia og paediatrics der me skriv arkeologi, anemi og pediatri. Eg meinte elles ikkje å skulda naturvitarar spesielt for å ha for stor engelsk påverknad. --Ranveig 13. november 2008 kl. 18:01 (CET)[svar]