Diskusjon:Pansermallar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Små fiskar på 25 til 120 cm? Dette er feil, men veit nokon sikkert om det skal vera mm? Det det stemmer mykje betre. --Ekko 10:55, 13 august 2007 (CEST)

Det skal vera millimeter ja. Den opphavlege artikkelen vart skriven i ei tilstand av djup svevnløyse; noko som har både positive og negative sider. Bra folk heldt utkikk etter feil.--Gunnar Mikalsen Kvifte 17:16, 13 august 2007 (CEST)

..kjem i eit vidt spekter av fargar. Er det også skulda svevnløysa? Dei er vel bleike/sølvglinsande, nokre rosa, og nokre med svart mønster? --Ekko 21:03, 13 august 2007 (CEST)
Dette er vel meir eit definisjonsspørsmål. Dei grunnleggjande fargane er (så vidt eg har vore kar til å finna ut; kjeldematerialet mitt generaliserar lite på dette punktet) meir eller mindre bleikt gul/grøn/metallisk, rosa, heilt kvit eller heilt svart. Mange har i tillegg ymse mønster, vanlegvis i svart; t.d. kan dei ha ei stripe over ryggen, marmorering, leopardflekkar (som dei avbilda eksemplara), store svarte flekkar på sidene e.l. Sidan mønstra på dyret i morfologien vert rekna ein del av fargeteikningane, meiner eg det i utgongspunktet er riktig å skriva "vidt spekter av fargar".
Men du har kanskje rett, formuleringa er nok ikkje heilt god. Ideelt sett burde nokon - fortrinnsvis nokon med normalt fargesyn utdjupa dette med farge, kanskje som ein eigen bolk under "kjenneteikn". Her er diverre ikkje eg kvalifisert; eg er raudgrønblind.--Gunnar Mikalsen Kvifte 21:35, 13 august 2007 (CEST)