Diskusjon:Patriarken Abraham

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kanskje hadde det vore rettare å nyte overskrifta Patriarken Abraham, sidan han er nemnd både i jødiske skriftar, Koranen og Bibelen. Eller har nokon betre forslag? -Knut 23:41, 5 februar 2008 (CET)

Det kan godt vera. Namnegjevinga mi for denne artikkelen var ikkje så veldig gjennomtenkt, eg tok berre det første eg tenkte på. Patriarken Abraham høyrest bra ut, synest eg. --Tannkrem 23:45, 5 februar 2008 (CET)
Eg synest det høyrest rart ut når det står i artikkelen om Abraham at han korkje var jøde eller kristen. Jødedomen hadde ikkje teke til enno, og kristendommen kom ikkje før eit par-tre tusen år seinare, så ingen av dei skulle vel koma på tale i det heile teke? At Koranen seier Abraham var ein rein gudssøkjar utan religion, er ein annan sak. Eg foreslår å endra den aktuelle setninga til noko slikt som "Koranen seier at Abraham var ein rein gudssøkjande, utan å høyra til nokon religion." HallvardLid 8. desember 2010 kl. 23:47 (CET)[svar]
Du har rett i at setninga ikkje er heilt god. Men det står i kap. 2-129 at jødar og kristne ikkje er på rett veg, og poenget var å få fram dette. Abrahan tilhøyrer «Gud-søkernes religion», står det i bm-omsetjing. Så han tilhørte ein religion. --Knut 9. desember 2010 kl. 07:47 (CET)[svar]
Eg vreid litt på orda. --Knut 9. desember 2010 kl. 08:53 (CET)[svar]
Takk, setninga er betre no. HallvardLid 9. desember 2010 kl. 12:09 (CET)[svar]