Diskusjon:Paulus’ fyrste brev til korintarane

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg tenkte eg hadde funne ut korleis vi kunne lage referanse direkte til korintarbrevet. Eg gjekk inn på Bibelselskapets nettutgåve, valde nynorsk 1978-omsetjing (eller 2005, kunne eg ha vald, om eg ikkje var så konservativ], fekk opp innhaldslista og drog musepeikaren ned til «Paulus’ fyrste brev til korintarane». Der høgreklikka eg, kopierte snarvegen, og vips var det berre å lime inn referansen i artikkelen. Men no ser eg at alle omsetjingane har same referanse. Eg greier ikkje styre om denne teksten skal bli henta frå 1978- eller 2005-omsetjinga, frå bokmål eller nynorsk. Utfordringa her hermed gjeven til dykk datakunnige... - Knut 08:45, 2 mai 2007 (CEST)

Eg har berre ei veldig konservativ løysing på dette problemet, sidan det faktisk ser ut til å vera heilt umuleg å laga nynorsklenkjer til Bibelen.no: http://www.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/?del=Det%20Nye%20Testamentet&bok=Paulus%20fyrste%20brev%20til%20korintarane
Som du ser, så er dette 1921-utgåva. Men lenkja verka da i det minste. :] Olve 13:07, 2 mai 2007 (CEST)
No var du for rask på labben, Olve. Du kan ikkje bruke ordet umuleg etter berre fire og ein halv time!
Det ser ut til at serveren har eit korttidsminne som hugsar kva for målform eg ønskjer å lese Bibelen i. Så når eg no går inn på lenkja eg laga i artikkelen, får eg teksten på nynorsk. Men venter eg nokre timar, har serveren gløymt meg, og gjev meg teksten på bokmål. Eg pleier ikkje ta eit nei for eit nei. Det må da kunne gå an å fortelje ein server kva for omsetjing han skal slå opp i! - Knut 13:34, 2 mai 2007 (CEST)
Med umuleg meiner eg for oss som ikkje sit på makta der i garden — med mindre...: Om nokon skriv ein e-post til folka som driv Bibel.no og fortel dei at dei kan auke trafikken sin gjennom masselenking frå oss om dei betrar skriptet sitt slik at det går an å laga lenkjer med spesifisert målform, så kan det no godt hende at dei er samarbeidsvillige... :-D Olve 13:52, 2 mai 2007 (CEST)
No har eg sendt ein epost til Systor Vest som har utvikla bibelen.no, med kopi til Bibelselskapet. Eg vel enno å tru at løysinga er svært enkel! - Knut 14:15, 2 mai 2007 (CEST)
Ved å skrive &lang=2 etter lenkjeadressa, får vi nynorsk tekst - som for meg ser ut til å vere frå 2005. Takk til Systor Vest som svara etter 5 minutt! - Knut 14:37, 2 mai 2007 (CEST)
Hurra! :-D Olve 15:57, 2 mai 2007 (CEST)
Eller du kan høgreklikka på ei lenkja som går til sida du skal bruka som referanse, og velja "copy link location" e.l. Då kjem du hit. --Tannkrem 14:40, 2 mai 2007 (CEST) No tullar eg, det var jo akkurat det du hadde gjort... --Tannkrem 14:43, 2 mai 2007 (CEST)