Diskusjon:Peredvizjniki

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg meiner tittelen på denne sida bør endrast frå Peredvizjnikij til Peredvizjniki. Altså utan "j" på slutten. Det er ingen grunn til å ha den j-en der, det er ein uriktig transkribering av det russiske передвижники (ikkje *передвижникий, altså.). Tilsvarande endringar må sjølvsagt også gjerast i brødteksten. Fordi peredvizjniki er eit substantiv i fleirtal, ikkje eit adjektiv.

"Streltsij" er også uriktig, det bør stå "streltsy". Tittelen "Morgonen ved avrettinga av Streltsij" er forutan skrivefeilen også ganske klønete formulert, då tenker eg først og fremst på delen "Morgonen ved". Merkelig preposisjonsbruk. "Morgonen då streltsy vart avretta" kan vere eit litt betre og "norskare" alternativ. Det er lov å verbifisere det substantivtunge russiske språket når ein set om til det meir verbtunge norsk.

Hjarteleg helsing, Kristine

Du er varmt velkomen til å flytte artikkelen og gjere endringane i teksten sjølv. Flyttinga gjer du via flyttefanen som ligg oppe ved sidan av dei andre fanene. --46.15.232.105 6. januar 2014 kl. 18:45 (CET)[svar]