Diskusjon:Pink Floyd

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

Pink Floyd[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Denne artikkelen er svært god, og fortener etter mi meining status som god artikkel. Særs bra arbeid av skribenten (Brukar:Frokor). Martin NH 17:02, 25 mai 2008 (CEST)

Har no teke ein grundig språkleg gjennomgang. --EIRIK\diskusjon 17. desember 2008 kl. 19:47 (CET)[svar]

Mykje bra, men etter mitt syn er artikkelen for lang til å vere eit førebilete som ein (særs) god wikipediaartikkel. --Knut 17. desember 2008 kl. 20:37 (CET)[svar]

Kanskje han er lang, men eg trur faktisk ikkje han kunne ha vore så mykje kortare dersom ein skal skildre heile karrieren til bandet. Bandet har ei lang historie, og då meiner eg det bør kunne ha ein lang artikkel òg. For mindre emne held det kanskje med ein mykje kortare artikkel. --EIRIK\diskusjon 17. desember 2008 kl. 20:56 (CET)[svar]
Eg har no korta artikkelen ned, hovudsakleg ved å ta ut stoff om enkeltsongar som er interessant, men samla gjer artikkelen altfor lang. Om eg har teke ut for mykje må det gjerne leggjast inn igjen, men eg går ut frå at dette stoffet likevel står i artiklane om kvar av albuma. --Ranveig 11. februar 2009 kl. 14:10 (CET)[svar]
Eg syns mykje av informasjon som vart fjerna høyrer heime i ein slik artikkel. Ein fjerner mykje av essensen av det som er Pink Floyd med å fjerne skildringar av musikken deira. Skal ein lese om Pink Floyd så går ein til artikkelen om bandet utan at ein må gå gjennom kvart enkelt album. Vil ein vite enno meir om Pink Floyd, basert på informasjonen i artikkelen, kan ein gå vidare til dei artiklane som er knytt opp til Pink Floyd. Omtalen av enkeltsongane er kanskje ikkje alltid til stor nytte for heilt nye lesarar som ikkje veit kva Pink Floyd dreier seg om, men eg trur artikkelen vert mykje meir interessant for dei som alt kjenner til Pink Floyd. Dei som ikkje kan noko om Pink Floyd vil uansett finne den informasjonen dei treng. No syns eg artikkelen vart for tørr. --Frokor 11. februar 2009 kl. 15:04 (CET)[svar]
Litt einig. Skildringa av songane gjev «saft», men for mykje av dei gjer det som sagt vanskeleg å følga med. Ville det vore mogleg å berre velja ut dei viktigaste/mest særeigne songane frå ulike album? Sjå til dømes byrjinga av Den eksperimentelle perioden: 1968–1970, der eitt av tre døme blei vald ut. --Ranveig 11. februar 2009 kl. 15:20 (CET)[svar]
Eg skal ikkje nekte nokon skrive laaaange artiklar, men dersom dei skal få stjerne, kan dei ikkje vere lengre enn at dei er eit førebilete for andre artiklar. Han er enno på grensa til å vere for lang, men no skal eg røyste for. --Knut 11. februar 2009 kl. 17:57 (CET)[svar]

Det ser ut til at denne artikkelen aldri får status god. Frokor reagerer mot at nødvendig informasjon blir fjerna og Knut reagerer på talet teikn. Skal me prøve litt til eller skal me oppgje forsøket? Hogne 19. februar 2009 kl. 08:16 (CET)[svar]

Dette var, og er, ein god artikkel. Han bør få stjerne. Helsing frå Martin 19. februar 2009 kl. 08:33 (CET)[svar]
Eg skal ikkje røyste mot sjølv om artikkelen vert noko lengre. Det eg har sagt, er at eg ikkje vil røyste for. Eg forstår synspunkta til Frokor, og eg trur ikkje artikkelen tapar på at noko av det som vert utkutta blir tatt inn att. Samstundes trur eg ikkje han tapar på at noko meir vert klipt ut og lagt over i ein annan artikkel, heller. Så eg har tru på at ein god artikkel kan bli betre! (Sta kan eg vere, men aldri vrang : ))--Knut 19. februar 2009 kl. 18:46 (CET)[svar]
Eg stryk motstemma mi. Eg har markert at eg ikkje er samd i måten artikkelen vart endra på eller at lengda på ein artikkel skal vere det som er styrande. Eg stemmer heller ikkje for når eg synest me står att med ein noko meir keisam artikkel. --Frokor 19. februar 2009 kl. 18:56 (CET)[svar]
Då kan me setje ei stjerne på artikkelen! Helsing frå Martin 19. februar 2009 kl. 19:33 (CET)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]

Eg stiller eit spørsmål om det faktisk er naudsynt å ha med Bob Klose som tidlegare medlem. Han var ikkje med på nokon utgjeving, og var berre med litt før bandet tok til med konsertar og utgjevingar. Martin NH 3. august 2008 kl. 12:07 (CEST)[svar]

Han var med og starta bandet og var tidlegare medlem. I Schaffner, Fitch og Mason sine biografiar er han i alle fall omtalt som medlem av den første utgåva av Pink Floyd, så eg meiner han absolutt skal vere med. --Frokor 3. august 2008 kl. 13:06 (CEST)[svar]