Diskusjon:Polarlys

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Finst det ei kjelde for at mars, april, september og oktober er dei beste polarlysmånadane? Det stemmer dårleg med mine eigne personlege observasjonar? stykkjet 11:28, 29 desember 2007 (CET)

Formuleringa i artikkelen no er særs upresis. Det er sjølvsagt lettast å observere polarlys om vinteren (november-februar) sidan det då er mørkare og slik sett er denne perioden best for den som vil observere nordlys med det blotte auget. På grunn av hellinga til jorda i forhold til eitt eller anna eg ikkje heilt hugsar kva var (noko med forma på magnetfeltet i forhold til solvinden trur eg) oppstår fenomenet hyppigare rundt april og rundt oktober, og polarlys oppstår òg om sommaren, men sidan det då er lysare er det vanskeleg å observere for ein som kikkar opp på himmelen. --Frokor 12:11, 29 desember 2007 (CET)

Eg er i tvil om dette er rett: "Noreg er nordlyset mest aktivt like før midnatt" Har vi ei kjelde til denne påstanden? stykkjet (diskusjon) 22. mai 2023 kl. 20:26 (CEST)[svar]