Diskusjon:R.E.M.

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

R.E.M[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Denne artikkelen og alle artiklane rundt han er det eg vil karakterisere som mitt største prosjekt her på Nynorsk Wikipedia. Alle studioalbum og ein god del meir til er blått, og meir vert det nok. Sjølv er eg svært nøgd, men kva tykkjer de? --EIRIK\diskusjon 14. desember 2008 kl. 00:51 (CET)[svar]

Artikkelen ser solid ut etter ein rask kikk, med god blanding av biografi. Ein mangel er likevel at sitat er omsette. Omsetjing i seg sjølv er ikkje gale, men den opphavlege utsegna bør også vera med, til dømes i ei fotnote. --Ranveig 14. desember 2008 kl. 13:22 (CET)[svar]
Godt førsteinntrykk, men mange sentrale raude lenkjer; Patti Smith, NME, The Velvet Underground, The Village Voice osb. --Ekko 14. desember 2008 kl. 13:43 (CET)[svar]
Ranveig: Skal få fiksa dette. Ekko: Ja, eg har tenkt på det. Av og til byrjar eg å lure på om det er for mange internlenkjer i artikkelen. Men eg kan iallfall få laga dei du nemner her. --EIRIK\diskusjon 14. desember 2008 kl. 13:46 (CET)[svar]
Ser bra ut, teksten flyt godt. Når boksen nederst bare har blå lenkjer stemmer eg for. Martin NH 14. desember 2008 kl. 14:20 (CET)[svar]
Synest ærleg talt ikkje samleplater og musikkfilmar er særleg viktige emne. (Der var kjepphesten min igjen, ja!) --Ranveig 14. desember 2008 kl. 16:21 (CET)[svar]
Kanskje, men live-album er viktige, i alle fall når dei står omtalt i innleiinga (R.E.M. Live). Martin NH 14. desember 2008 kl. 17:09 (CET)[svar]
Ein ting til: Kva med å bruke sitatboksar? Det gjer teksten enklare å lesa. Martin NH 14. desember 2008 kl. 17:18 (CET)[svar]
No skal alle originalsitata vere med. Når det gjeld sitatboksar er det to grunnar til at eg trur det vil fungere dårleg. Den fyrste er at det er så mange sitat, og den andre er at dei heng alt for mykje saman med artikkelteksten til at det vil ha noko føre seg å skilje dei ut i sitatboksar. Dessutan synest eg det er meir spennande å lese ein tekst som inneheld sitat frå ulike personar, og ikkje berre reine fakta. Det er trass alt tydeleg markert kven som seier kva. --EIRIK\diskusjon 14. desember 2008 kl. 17:23 (CET)[svar]
Eg ser den, men i ein så lang tekst er det kanskje ein idé å ha noko av teksten i slike boksar, ikkje nødvendigvis bare sitat? I historia til London laga eg nokre slike boksar, som gjer teksten litt lettare å lese. Martin NH 17. desember 2008 kl. 18:35 (CET)[svar]
Der ein har sitat eller interessante fakta som på eit vis illustrerer teksten, passer boksar bra. I denne artikkelen synest eg sitata flyt betre som del av teksten. --Ranveig 18. desember 2008 kl. 19:00 (CET)[svar]
Einig med Ranveig. Det vil vere vanskeleg og lite formålstenleg (synest eg) å skilje ut tekst i boksar slik du har gjort i historia til London, Martin, sjølv om det passar og ser fint ut i den artikkelen. --EIRIK\diskusjon 18. desember 2008 kl. 19:10 (CET)[svar]
Eg er ikkje einig, men det er utan tvil ein god artikkel uansett. Martin NH 18. desember 2008 kl. 19:37 (CET)[svar]

Berre dei viktigaste raudlenkjene vert borte er dette ein av dei beste artiklane. Stå på! --Ekko 14. desember 2008 kl. 21:10 (CET)[svar]

Ein annan viktig ting. På ein del av referansane står det at vitjingsdatoen var i 2007. Denne artikkelen blei oppretta i 2008. Då er det noko gale. Martin NH 18. desember 2008 kl. 16:45 (CET)[svar]

Referansane er henta frå den engelske artikkelen. --EIRIK\diskusjon 18. desember 2008 kl. 17:09 (CET)[svar]
Då bør dei vitjast/lesast på nytt. I alle fall om han skal få stempelet god. --Bep 18. desember 2008 kl. 17:26 (CET)[svar]
Ok, då har eg besøkt alle lenkjene på nytt. I tillegg til å oppdatere datoane, har eg gjort ev. lenkjeoppdateringar og sjekka om faktaopplysingane fotnotane viser til finst i artiklane. --EIRIK\diskusjon 18. desember 2008 kl. 18:37 (CET)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]

Diskografi[endre wikiteksten]

Sidan malen sorterer diskografien etter type, kunne ein kanskje sortere diskografien i artikkelen (når den vert komplett) etter år istaden? Nokon tankar om det? Anders 19:26, 26 januar 2008 (CET)