Diskusjon:Realismen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Burde ikkje denne sida heitt "Realisme", og kanskje vore ei fleirtydingsside, der ein viser til realisme innan kunst og litteratur, filosofi, internasjonal politikk etc.? Bollar 21:24, 10 november 2006 (CET)

Jau, det er i alle fall sånn det er løyst på bokmålswikipedia: nb:Realismen. --Jorunn 23:02, 10 november 2006 (CET)
Skal vi gjere det same? Eg trur forresten ei fornuftig inndeling vil vere "Realisme (kunst)", "Realisme (filosofi)" og "Realisme (internasjonal politikk). Inndelinga dei har mellom epistemologisk og ontologisk forståing av omgrepet på bokmål'n er etter mitt syn ikkje naudsynt (i og med at begge handlar om filosofi) - på engelsk har dei ein eigen en:Philosophical_realism. Å dele inn i kunst og litteratur, trur eg heller ikkje er naudsynt. Kunst-realismen på no omtalar jo også litteratur (og det same gjer den engelske). Når det gjeld kategorien "internasjonal politikk", tykkjer eg den er meir høvleg enn statsvitskap, fordi mange av realistane er historikarar (på sett og vis er internasjonal politikk ikkje berre ei grein av statsvitskapen, men også av historie). Bollar 01:55, 11 november 2006 (CET)
Ja, eg tykkjer det høyrest bra ut. Einaste innseiinga er at me prøver å unngå parantesar i artikkelnamn. Her er det vel greit å bruke preposisjon. I, eller kanskje innan eller innanfor? --Jorunn 09:14, 11 november 2006 (CET)
Bunden eller ubunden form ("realisme i kunsten" eller "realisme i kunst")?--Bollar 15:16, 11 november 2006 (CET)
Har nokon patentsvaret på dette spørsmålet?
Artikkelen har stått tom sidan september 2006. --Jorunn 00:21, 3 februar 2007 (CET)