Diskusjon:Regjeringa Willoch

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stussar litt på namnevalet. Hadde ikkje Kåre Willoch-regjeringa vore eit betre namn? Eller kanskje til og med Willoch-regjeringa...? -- Olve 10. juli 2005 kl. 22:15 (UTC)

Sjå òg Norske regjeringar. På bokmål heiter det formelt "Kåre Willochs regjering". Kva slags form vil vera best å bruka? Willoch-regjeringa er ei meir uformell form, til liks med Bortenregjeringa. --Gunnernett 10. juli 2005 kl. 22:24 (UTC)
Ja, men «Kåre Willoch si regjering» hørest 100 % uformelt ut for meg. Elles er eg einig i at Willoch-regjeringa er meir uformelt på bokmål, men eg er ikkje heilt sikker på at dette gjeld i same grad på nynorsk... Tek vi med førenamnet, så har vi Ӛg eit nøyaktigare namn som eg trur vil vera meir formelt. -- Olve 10. juli 2005 kl. 22:32 (UTC)
Eg synest òg det blir betre med omskriving til godt nynorsk enn å automatisk omsetja s-endingar frå bokmål til garpegenitiv. Somme tider passer det (garpegenitivet, altså), men det kan like lett bli feil. Bortenregjeringa og Willochregjeringa - kvifor ikkje? -- Ranveig 12. juli 2005 kl. 08:19 (UTC)
Ja — enkelt og fyndig! :-) Olve 12. juli 2005 kl. 08:30 (UTC)
Kva vart konklusjonen på dette ordskiftet? Bortenregjeringa og Willochregjeringa viser til berre ei regjering, medan til dømes Bondevikregjeringa kan vera fleire regjeringar. Vert det då noko slik som fyrste Bondevikregjeringa og andre Bondevikregjeringa? --Gunnernett 23. august 2005 kl. 12:31 (UTC)