Diskusjon:Reguleringsteknikk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det tykkjest vera prosessregulering du har skrive om her, så kanskje artikkelen byrde flyttast til prosessregulering. Reguleringsteknikk i vidare forstand famnar svært vidt.

Dei fleste reguleringssystem inneheld tilbakekopling, slik at systemet formar ei lukka sløyfe. Om forsterninga i denne sløyfa er for stor vert systemet ustabilt. Det ville difor høva med ein generell artikkel om reguleringsteknikk, som fortel litt om dei generelle prinsippa. I tillegg trur eg at det kunne vera lurt å laga eigne artikklar om dei viktigaste bruksområda, som:

  • Regulering av mekatroniske system: dynamisk posisjonering av skip og plattformer, regulering av ror på fly og rakettar, posisjonsregulering av satelittar i bane, papirmaskiner, djupregulering på traktor, etc.
  • Prosessregulering: kjemiske processar, varme, volum, etc.
  • Regulering innan analog elektronikk: spenningsregulatorar, straumregulatorar, etc.
  • Etc.

Ei god organisering av dette emnet kan vera å starta på toppen med Kybernetikk (som er eit enda vidare omgrep enn reguleringsteknikk). Ei av undergruppene (til Kybernetikk) kan vera reguleringsteknikk, som i sin tur har undergrupper (artikklar) om Prosessregulering, Regulering av mekatriniske system, etc. Artikkelen om Reguleringsteknikk.

Eg er usikker på kva som gjer at ikkje resten av emnet kan inkluderast i denne artikkelen. Definisjonen min og bakgrunnen for det andre som står i artikkelen har eg teke frå boka "Reguleringsteknikk for automatikerfaget". Dette faget og denne definisjonen skal vel kunna dekkja både mekatronikk, prosess og elektronikk. Men om du meiner det er feil, må du gjerne dela opp artikkelen i Prosessregulering og reguleringsteknikk, om du gidd å gjera den jobben. --Tannkrem 20:38, 31 oktober 2006 (UTC)
Kommentaren min var kansje ikkje så klår. Eg er samd i at når artikkelen heiter "Reguleringsteknikk" bør den handla om heile fagområdet. Det eg meinte var at slik den no er handlar den mest om reguleringsteknikk slik den vert nytta innan prosesskontroll. Prosesskontroll, regulering av mekaniske, elektriske, etc. er så omfattande at det bør skrivast eigne artikklar om kvart område, med lenkjer frå denne hovudartikkelen.
Det bør og skrivast eigne artikklar om ulike typar regulering, som til dømes PID-regulatorar, diskret regulering, modellbasert regulering, optimalregulering, regulering av ustabile system, multivariabel regulering, regulering av ulineære system, etc. Alle desse områda er så omfattande at dei bør ha eigne artiklar (når nokon får tid til å skriva dei). Roma vart ikkje bygd på ein dag. Ei heller Wikipedia. --Sigmundg 21:50, 31 oktober 2006 (UTC)
Eg veit ikkje nok om reguleringsteknikk til å skriva fleire artiklar om det. Artikkelen vil i alle høve handla mest om det eg har skrive om, fram til nokon skriv noko anna i tillegg. Eg veit heller ikkje så mykje om ulike typar av regulatorar at eg kan skriva særleg mykje om dei. Eg meiner at artikkelen godt kan delast opp, men ikkje bør flyttast. For det som står her dreiar seg jo om reguleringsteknikk. Men det er ikkje så viktig for meg kva artiklane heiter, berre me får dei til å hengja saman etterpå, og kategorisering o.l. stemmer overeins med inndelinga av artiklane. --Tannkrem 22:01, 31 oktober 2006 (UTC)