Diskusjon:Rheinland-Pfalz

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

ýMinisterpresident Eg har gitt meg på "delstat" men eg gir meg ikkje på denne. Eg ser ingen grunn til å kalla ministerpresidentane "statsminister". Omgrepet ministerpresident har sin eigen artikkel på wikipedia, så folk som måtte lura på kva det tyder kan klikka òg finna det ut. Kva tittel som vert brukt om leiaren av eit område er informasjon i seg sjølv, og eg skjønar ikkje kvifor ein skal underslå den informasjonen og putta alt i sekken "statsminister".--Barend 19:56, 17 april 2007 (CEST)

Som eg skreiv på diskusjonssida di er "Ministerpräsident" rett og slett den tyske nemninga for det som på norsk, dansk og svensk heiter statsminister. Jens Stoltenberg er t.d. "norwegischer Ministerpräsident". Ministerpresident er ikkje noko norsk ord i andre samanhenger enn Quisling sin regjering under andre verdskrigen. I norsk presse så langt eg har sett brukes nemninga statsminister om regjeringssjefane i dei tyske delstatane. På Jürgen Rüttgers får eg i Atekst 1 treff på statsminister og 0 på ministerpresident. Mathias Platzeck: 3 på statsminister og 0 på ministerpresident. Roland Koch: 10 på statsminister og 3 på ministerpresident. Harald Ringstorff: 2 på statsminister og 0 på ministerpresident. Christian Wulf: 1 på statsminister og 0 på ministerpresident. Jürgen Rüttgers: 1 på statsminister og 0 på ministerpresident. Kph 20:05, 17 april 2007 (CEST)
Ministerpräsident er forresten ikkje tittelen i alle dei tyske delstatane heller. I Berlin heiter det regjerande borgarmeister, i Hamburg heiter det fyrsteborgarmeister, i Bremen heiter det senatspresident. Ministerpräsident er den generiske terma for statsminister på tysk. Kph 20:08, 17 april 2007 (CEST)
Skal Tony Blair ikkje lenger omtalast som statsminister? Storbritannia bruker tittelen "premierminister". Skal Romano Prodi bli konsilspresident og Spanias Zapatero regjeringspresident? Det finst eit utal titlar rundt om i verda som på vanleg norsk språk vert omsett som statsminister. Kph 20:12, 17 april 2007 (CEST)
Eg og brukar Kph kjem nok ikkje til å verta samde i denne saka. Så me får venta å sjå kva andre bidragsytarar på nynorsk wikipedia tykkjer. Dette er mine argument for å bruka "Ministerpresident".
  • Ministerpräsident er ikkje eintydig alltid det same som norsk "statsminister". de:Norwegen nyttar Premierminister og ikkje Ministerpräsident om Jens Stoltenberg. For dei tyskkunnige vert omgrepsbruken drøfta på de:Ministerpräsident.
  • Omgrepsbruken i norsk presse kan vera interessant, men i dette tilfellet er det klart at begge deler vert brukt for sjeldan til at det kan leggja noka føring for oss. Eit godt leksikon skal ikkje dilta etter kva ordbruk nokre få journalistar tilfeldigvis vel. Me skal prøva å vera mest mogleg informative og ha best mogleg språkbruk.
  • Eg veit godt at Ministerpräsident ikkje er tittelen i Berlin, Hamburg og Bremen, difor har eg heller ikkje brukt ordet i infoboksen for Berlin, Hamburg eller Bremen. Eg har omsett dei tyske titlane. Brukar kph vil kanskje heller at me skal bruka "statsminister" om alle dei òg?
  • Tony Blair brukar ikkje tittelen "premierminister". Han brukar "prime minister". Det er vanlig å omsetja tittelen til regjeringsleiarar i sjølvstendige land til norsk som "statsminister". Dei tyske delstatane er ikkje sjølvstendige land. Elles er det jo heilt vanleg å kalla den tyske og austerrikske regjeringsleiaren for "kanslar" på norsk òg - alle regjeringsleiarar vert ikkje statsminister på norsk.
  • Sist og viktigast: Eg skjønar ærleg talt ikkje kva som er problemet med å bruka "ministerpresident". Det vil ikkje hemma forståing for nokon - det er jo ei blå lenkje som går til ein artikkel der ein kan lesa kva tittelen inneber. Kvifor skjula informasjonen om kva tittel desse folka har i Tyskland?--Barend 22:04, 17 april 2007 (CEST)
Tony Blair nyttar tittelen premierminister. Premierminister og prime minister er same tittel på to forskjellige språk (på same vis som Ministerpräsident og ministerpresident). Når eg skriv på norsk skriv eg at Tony Blair er premierminister. When I write in English, Tony Blair is prime minister. Eg kan ikkje sjå nokon sakleg grunn til at det skal vere forskjellig praksis for Storbritannia og Bayern, eller Italia og Bayern. Dei tyske delstatane er også statar - Bayern er t.d. større enn Sverige. Problemet med ministerpresident er at det ikkje er vanleg på norsk, ein gjennomsnitts lesar veit ikkje alltid kva tittelen tyder og tittelen er i norsk samanheng nært (nærmast utelukkande) knytta til Vidkun Quislings regjering, som er den einaste samanhengen den har vert nytta på norsk. Kph 22:27, 17 april 2007 (CEST)
Godt argumentert, Barend. Hald fram. --Ekko 22:19, 17 april 2007 (CEST)
Eg klarere ikkje å få kjenslene i sving av denne diskusjonen. Men eg synst det er noko problematisk å bruke same tittel for ein som er statsminister i eit uavhengig land og ein som er statsminister/ministerpresident i ein delstat. Kanskje er delstatsminister er tittel som er sjølvforklårande i alle retningar? Ministerpresident har ein del assosiasjonar på norsk som er problematiske. Men vi bør vel kanskje streve etter å finne ein generisk tittel som kan nyttast på delstatsleiarar generelt (der det er parlamentarisk system) til liks med at tittelen vel vil vere guvernør der det er presidensielle system? stykkjet 23:02, 31 oktober 2007 (CET)
Eg syns absolutt ikkje det er noko mål å streva etter ein slik generisk tittel. Det vil berre tena til å kamuflera ulikskapar. Alle land har sine eigne nyansar i politisk system - det er ingenting problematisk med å bruka forskjellige titlar. --Barend 00:06, 1 november 2007 (CET)