Diskusjon:Røntgenium

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Roentgenium)

Norsk namn på roentgenium[endre wikiteksten]

Aalen spurde: korleis kan/bør det stavast på norsk?

Både røntgenbilete (-stråling, -behandling) og roentgenium er ord som er avleidde av namnet åt den tyske fysikaren Wilhelm C. Röntgen. Vi skriv røntgenbilete med ø, ettersom originalen (Röntgen sitt namn) vert skriven med ö, ein bokstav som ikkje finst i norsk.

Det vert ikkje mindre "rett" å skriva oe enn ø. Eg kan likevel sjå to (veike) argument for å endra stavemåten til røntgenium på norsk: Eit ynskje om konsekvent transliterering av lånord (jfr. røntgenstråling), og eit ynskje om å uttala det med ø-lyd og berre fire stavingar, istadenfor å uttala o-en og e-en separat.

Sidan alle(?) andre språk skriv ordet roentgenium med oe (til og med på tysk er det rett), ser eg det som litt sært å skulla endra det til ø på norsk. Eg synest at stoffet kan heita roentgenium. O-en og e-en må då sjølvsagt uttalast som ein o og ein e, og ikkje som ein ø. (Men i rask tale vert det nesten ein diftong, mest som om o-en var ein w.)
--Verdlanco (diskusjon) 24. feb 2005 kl. 0946 (UTC)

Eit google-søk på norske sider gjev heile to resultat med roentgenium, men ingen med røntgenium. Sjølv om det er lite å laga statistikk av, tyder det på at roentgenium er brukt på norsk. -- Ranveig 25. feb 2005 kl. 0004 (UTC)

Eg tenker på grunnstoffet som røntgenium, og i følge tysk wikipedia de:Roentgenium kan det både heita Roentgenium og Röntgenium på tysk. Men eg kan skriva roentgenium. Aalen22x 25. feb 2005 kl. 1653 (UTC)

Eg synest òg røntgenium ser mykje finare ut, og vil bruka det ordet dersom eg nokon gong skal skriva om det. På engelsk skriv dei trass alt alle våre ø-ar og ö-ar som oe, så kvifor skal ikkje me ta igjen litt?
Men artikkelen bør nok ligga under roentgenium inntil nokre språkivrige kjemikarar e.l. finn på noko anna. -- Ranveig 25. feb 2005 kl. 1912 (UTC)