Diskusjon:Rokade

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Formuleringa eg endra var følgjande:

  • Spelaren har ikkje flytta tårnet som vert brukt i rokaden.

Den vart endra til:

  • Tårnet som vert brukt i rokaden har ikkje blitt flytta frå det opphavlege feltet ved starten av partiet.

Grunnen til dette, er at det elles - nokså teoretisk - kunne tenkast at til dømes kvit kunne rokere med ein bonde som har nådd e8 og blitt forvandla til eit tårn. "Superlang rokade". Ein luring oppdaga for nokre år sidan at det var formulert som den første setninga i FIDE sine Laws of chess. Han laga ei sjakkoppgåve med tre variantar, der kvit rokerte kort, langt og superlangt, alt etter kva svart gjorde, og matta med desse trekka. FIDE svarte med å omformulere reglane. --Egil Arne 7. juni 2009 kl. 02:37 (CEST)[svar]