Diskusjon:Ruter

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ruter eller rutar?[endre wikiteksten]

Skal det heita ruter eller rutar?
--Verdlanco\ordskifte 15. sep. 2005 kl. 12:24 (UTC)

Eg meinar ruter.... Meinar nesten at det også burde vore skreve router sidan tilsvarande uttrykk som switch og hub (og for den del mykje anna datating) heller ikkje har noko gode norske ord. Å dra fornorskinga for langt trur eg ikkje eg likar, iallefall ikkje i dette tilfellet. (Kan sikkert finne på å endre meining ein annan stad). Eg meinar at ruteren rutar... :-) Roger 15. sep. 2005 kl. 14:08 (UTC)
Eg synest det var fint at du valde å skriva ruter istadenfor router. Eg meiner helst at rutar høyrest best ut, men båe former er tydelegvis godkjende, so då er det greitt nok å ha artikkelen på ruter og ei omdirigering på rutar.
--Verdlanco\ordskifte 15. sep. 2005 kl. 16:29 (UTC)
Skal vere einig i at ruter er best. Men kanskje vi skulle hatt ein større prat om kva strategi nn: skal ha på tekniske ord og uttrykk; eg er somsagt personleg ikkje alltid like glad i å skrive om ord og uttrykk som er mykje nytta på engelsk til norsk. På meg verkar det til dømes kunstig å nytte eit ord som nettnav for ein hub når eg skal snakke om slikt. Ord som er mykje nytta i daglegtale, og som folk skjønar meininga av, tykkjer eg vi ikkje burde skrive om so mykje. Då kan jo nesten meininga forsvinne for folk som ikkje skjønar oversettjinga. Trur eg. Mogleg eg går i ei stor felle prega av snart 5 år på Gløshaugen, lat meg få vite det i sofall... :-) Dette er uansett oppfatninga mi om saka. Roger 15. sep. 2005 kl. 20:57 (UTC)
For å sei det slik: Datafolk har ikkje vore dei beste til å finna gode norske ord for det dei driv med. Det treng dei då heller ikkje, for dei veit kva dei snakkar om! Men viss det etter kvart blir laga norske ord som blir tekne i bruk, synest eg dei har forrang når ein skriv norsk. Me kan sjølvsagt ikkje laga våre eigne omsetjingar, men om Språkrådet eller liknande institusjonar kjem med eit godt ord, bør me ta det i bruk. -- Ranveig 16. sep. 2005 kl. 06:58 (UTC)
Hehe, det kan du ha rett i, at datafolk (og andre fagfolk) ikkje er so flinke til slikt. Men poenget mitt er at det bør nyttast eit ord som folk skjønar, ikkje eit ord folk ikkje skjønar, berre fordi det er ei omsettjing. Sjølv om språkrådet kallar "hub" for "nettnav" reknar eg med at brorparten av brukarane av eit slikt oppslagsverk vil skjøne kva ein "hub" er fornoko, men ikkje kva eit "nettnav" er. Men kanskje dette eigentleg er ei ikkje-sak. Vi får ta diskusjonen når/om den trengst. Roger 16. sep. 2005 kl. 07:45 (UTC)
Språkrådet seier både rutar og ruter. Dei kallar òg «hub» for nettnav, men lista har ikkje noko ord for «switch».
Den einaste grunne til å flytta denne til rutar måtte vera om me skulle skriva om kortfargen ruter... men det skal me kanskje ikkje. -- Ranveig 15. sep. 2005 kl. 14:34 (UTC)