Diskusjon:Sørsamisk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bidraga frå bokmålswikipediaen ser ikkje heilt gode ut[endre wikiteksten]

I artikkelen står det no, etter Helt sine tillegg:

«Etter andre verdskrig har bruken av språket gått sterkt attende. I våre dagar er det først og fremst dei eldre som snakkar språket, (...) Mange salmar er rett nok omsett til sørsamisk.»

For meg ser det ut til at sørsamisk i dag står sterkare i den yngste generasjonen enn i mellomgenerasjonen. Eg er heller ikkje så sikker på at tidfestinga "etter andre verdskrig" er presis nok for språkskiftet til norsk/svensk. Når det gjeld litteratur på sørsamisk er det meir enn salmar: Delar av Bibelen er omsett, og mange barnebøker. Så denne innleiinga bør vi sjå på. Trondtr (diskusjon) 27. august 2012 kl. 09:05 (CEST).[svar]

Eg reagerte på det same som Trondtr. Og nokre fleire ting:

I alt synest eg endringane førte til at den sørsamiske språksituasjonen blir framstilt som dystrare enn den er. Og når innleiinga først skal vera litt meir omfattande enn før, bør den òg spegle revitaliseringsprosessen, som i stor grad pregar språksamfunnet i dag. Her er punktvis det eg reagerer på, og som eg har lyst til å endre:

1) Tidleg i innleiinga står dette: "Som andre urbefolkningsspråk er sørsamisk sterkt knytta til naturen. Mange ord og begrep er knytta til reindriftsnæringa – samane sin tradisjonelle næringsveg". Det er veldig stereotypisk å kople urfolk(sspråk) til naturen, og eg synest det er heilt unødvendig å gjera det her. Kva tyder det uansett at eit språk er _sterkt knytt til naturen_? Eg synest ikkje formuleringa er god. Det sørsamiske språket har tradisjonelt ikkje vore mykje brukt i storsamfunnet og på domene som er typiske for storsamfunnet. Det har vore brukt i det sørsamiske samfunnet, der reindrift har vore ein dominerande næringsveg. Dermed er det berre logisk at sørsamisk har ein utfyllande terminologi på dét domenet. Men det tyder ikkje at sørsamisk språk er noko meir "naturspråk" (som eg synest formuleringa legg opp til) enn t.d. norsk, som òg har rik terminologi på natur- og naturbruksdomene, i tillegg til på mange andre domene. Eg synest ikkje dette høyrer heime i innleiinga til artikkelen. Temaet med domene der sørsamisk (ikkje) er/(ikkje) har vore i bruk, og dermed har/ikkje har rik terminologi, kan eventuelt problematiserast under eit nytt underpunkt lenger ned i artikkelen som vi kunne kalla "Ordtilfang" eller noko.

2) Neste setning er: "Sørsamisk er òg eit skriftspråk, men berre nokre få bøker er gjeve ut. Mange salmar er rett nok omsett til sørsamisk." Det finst etterkvart ganske mange bøker på sørsamisk. Eg har ingen tal, men "berre nokre få" er ikkje dekkjande. T.d. finst det skulebøker for alle skuletrinna, og mange andre barnebøker òg, som Trondtr nemner. Eg synest godt det kan stå i innleiinga at sørsamisk òg er eit skriftspråk, men da kan det godt vera med at det har vore det sidan 1974 (offentleg godkjent til bruk i skulen i 1978), at det blir brukt i bøker (skulebøker, barnebøker, Bibelen), aviser (Snåsningen, Daerpies Dierie) og salmar. Og ikkje noko "rett nok" - det høyrest ut som om salmeomsetjingane utgjer størstedelen - det gjer dei ikkje.

3) Så står det: "Etter andre verdskrig har bruken av språket gått sterkt attende." Som Trondtr påpeiker, er ikkje dette noko presis tidfesting av språkskiftet frå sørsamisk til norsk/svensk. Så vidt eg veit, er det ikkje undersøkt mykje om når språkskiftet har skjedd, men det som er sikkert, er at språkskiftet har skjedd på ulike tidspunkt innafor det sørsamiske området, og truleg var det mykje som skjedde lenge _før_ den andre verdskrigen. Eg synest ikkje det treng å stå noko spesiell tidfesting av når språkskiftet har skjedd, språkskifte er uansett prosessar som ofte tar lang tid. Og så lenge det ikkje har nokon spesiell årsakssamanheng med den andre verdskrigen, synest eg ikkje det er verdt å nemne.

4) Det står: "I våre dagar er det først og fremst dei eldre som snakkar språket, sjølv om det framleis vert undervist på sørsamisk i Hattfjelldal og Snåsa." Dette reflekterer ikkje statusen i dag. Som eg har skrive (med referanse til den ferske rapporten "Samisk språkundersøkelse 2012") under "Revitalisering", bruker fleire unge sørsamisk i dag enn for 20-30 år sida. Språket står dermed sterkare mellom dei unge enn i mellomgenerasjonen, slik Trondtr òg skriv. I tillegg får denne setninga det til å høyrast ut som om undervisninga ved Hattfjelldal og Snåsa har vore mislykka pga formuleringa "sjølv om". Det er svært uheldig at det står slik. Det er heller tvert om: Det er mykje på grunn av den opplæringa som har vore, at det i dag er mogleg for den yngste generasjonen å ta i bruk språket att.

5) "Sørsamisk språk vert rekna som sterkt truga, sjølv om mange samar iherdig prøver å bevare det." Her er det òg eit "sjølv om" som er uheldig. Språket hadde truleg vore dødt dersom mange _ikkje_ har prøvd å bevare det. At språket er truga, står no to gonger i innleiinga, på to ulike plassar. Det er unødvendig. Eg vil gjerne endre det til å stå éin stad, og så leggje inn referanse til UNESCO si raudliste. I tillegg bør det òg nemnast at det føregår ei revitalisering av språket, men eg synest ikkje "iherdig" er eit godt adjektiv her. Eg synest det høyrest litt nedlatande ut.

6) "Statusen til språket er stigande, men den sterke dominansen av norsk og svensk gjer at det sjeldan vert brukt i det offentlege rom." Ja, språket har fått styrka statusen sin dei siste tiåra, bl.a. pga. styrka institusjonell støtte. Det bør absolutt stå. Men at det sjeldan blir brukt i det offentlege rom, er ikkje heilt sant. Det er uansett litt upresist eller inkjeseiande. Det bør heller stå noko om kva offentlege rom det faktisk _blir_ brukt i. Og at det blir brukt _meir_ i offentlege rom no enn før.

7) "Språket står nok sterkast i Snåsa i Nord-Trøndelag kor det vert brukt av ca. 5 % av befolkninga (ca. 100 personar)." "Nok"? Dette er spekulasjonar. Det er vanskeleg å skulle seie kvar sørsamisk står sterkast, men det er sant at Snåsa har utvikla seg til å bli eit senter der sørsamisk står ganske sterkt. Men eg trur vi treng ei kjelde for å påstå at det står sterkast der. (Institusjonelt står det kanskje sterkast der, men er det meir i bruk enn i reinbeitedistrikta i Namdalen, eller i Nordland t.d.? Eg veit ikkje.) Ei kjeldetilvising treng vi definitivt òg til det neste: at sørsamisk blir brukt av ca. 5 % av folkesetnaden i Snåsa. I den nemnde rapporten "Samisk språkundersøkelse 2012" står det at Snåsa kommune sjølv anslår at 4 % av folkesetnaden er samar. Den same rapporten oppgjev at litt over 50 % av desse kan snakke samisk. Det blir uansett litt "plumpt" å skulle forsøke å talfeste kor mange som snakkar sørsamisk her. At det er så og så mange i Snåsa seier jo fint lite om kor mange det er andre stader - eit viktig kjenneteikn ved det sørsamiske språksamfunnet er at det er ekstremt desentralisert.

8) "I 2008 hadde 19 grunnskoleelevar i Noreg sørsamisk som førstespråk, mens 68 hadde det som andrespråk.[2]" Tala for 2011/2012 er òg tilgjengelege (frå same kjelde), så kvifor skrive inn gamle tal? Desse tala seier uansett ikkje kjempemykje utan at ein kommenterer utviklinga - at det samla talet har stige jamt og trutt, og at talet på elevar med sørsamisk som førstespråk har hatt ei spesielt stor auke. Det har eg alt skrive under "revitalisering".

9) "I 2004 vart sørsamisk offisielt språk i Snåsa kommune i eit forsøk på å styrke språkets stilling." Som eg òg har skrive under "revitalisering", så vart Snåsa kommune innlemma i det samiske språkforvaltingsområdet i _2008_, og dermed var ikkje sørsamisk offisielt språk der (eller nokon andre stader) før da. 2004 er altså feil. "i et forsøk på å styrke språkets stilling" er litt enkelt, for det handlar om meir enn det. Det handlar om å synleggjera ein minoritet som lenge har vore nesten usynleg, og om å styrkje dei demokratiske rettane deira. Men det kan godt hende at dette bør nemnast i innleiinga, og ikkje berre under "revitalisering".

10) Det er sett inn eit bilete av Jarle Jonassen med teksten: "Jarle Jonassen er kan hende den mest kjende brukaren av sørsamisk i dag". Først og fremst meiner eg det ikkje høyrer heime å ha bilete av enkeltpersonar under slike artiklar. For det andre meiner eg det heller ikkje passar seg å utnemne enkeltpersonar som den mest kjende talaren av eit språk. For å bruke eit språk, må ein gjerne vera litt fleire.

Alt i alt er eg samd i at innleiinga godt kan byggast ut litt, for det som stod, var ikkje så utfyllande. Men her synest eg det vart mange halvsanningar og mykje upresist (bokmålsartikkelen bør nok reviderast litt òg). Inger Johansen (diskusjon) 27. august 2012 kl. 13:17 (CEST)[svar]

Eg har skrive om Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 36, 2012‎, som hastar mest å få i orden. Dette er eit forslag og andre må gjerne endra meir. --Ranveig (diskusjon) 27. august 2012 kl. 13:49 (CEST)[svar]
Eg har endra litt på Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 36, 2012‎, sidan den hastar mest. Men eg fekk opp melding om ein referansefeil, og eg ser ikkje kvar feilen er. Kan nokon hjelpe?Inger Johansen (diskusjon) 28. august 2012 kl. 09:37 (CEST)[svar]
Endringane du har gjort, Inger Johansen, er greie. Eg har fjerna referansane som ikkje skal finnast i framside-uttrekket, men som skal vere i sjølve artikkelen. Eg sleit litt med å finne eit bilete til framsideartikkelen. Eti bilete av sørsamisk senter, av fri tekst på sørsamisk, eller av ei gruppe sørsamar hadde vore det beste. Finnes det eit fritt bilete av Ella Holm Bull? Du er fri til å endre artikkelen slik du meiner er bra, vi rettar opp dersom det er ting som ikkje er slik vi vil ha det. Eg er samd med alle punkta du skriv om over.
Du er kanskje den Johansen som er omtala her? Husk at framsideartikkelen blir vist på framsida på wikipediane til bokmål og svensk også. Og det er vanligvis mange fleire som kikkar innom artikkelen når han hamnar på framsida. Det kan vere til interesse for dei som er glad i språket å legge inn litt innsats for å gjere artikkelen så god som mogeleg før han hamnar på framsida. Du kan òg leggje inn lenkjer til andre artiklar om som du meiner er verdt å lese. Hogne (diskusjon) 28. august 2012 kl. 14:29 (CEST)[svar]

Har begynt å legge inn bilde relaterte til sørsamisk språk på Commons. -- Olve Utne (diskusjon) 28. august 2012 kl. 18:14 (CEST)[svar]

Johansen i gemini-lenkja er meg, ja. Eg skal prøve å endre litt på artikkelen i dag og i morgon. Bilde: Eg har eit av det tospråklege skiltet til Snåsa kommune, som kanskje kunne passe i sjølve artikkelen. Men til framsida har eg ingen gode kandidatar. I verste fall har eg noko sørsamisk tekst liggjande, som er min, som eg kunne teke bilde av. Inger Johansen (diskusjon) 29. august 2012 kl. 09:19 (CEST)[svar]
Oppdateringar er fint. Vi bør også sjå på dei ulike støtteartiklane, dei er ikke alle så ferdige som eg trudde eg hugsa dei var. Trondtr (diskusjon) 29. august 2012 kl. 15:54 (CEST).[svar]
Da har eg skrive eit forslag til innleiing. Når det gjeld resten av artikkelen, så ser det kanskje litt rart ut at alle dei andre underpunkta har eigne støtteartiklar, medan "Revitalisering" ikkje har? Om det er stemning for det, kunne eg laga ei slik støtteside.
Når det gjeld bilde, så synest eg kopp-bildet er kjempefint! Men framleis meiner eg at det er betre å ta vekk bildet av Jarle Jonassen. Skal det vera bilde av ein enkeltperson på denne artikkelen, bør det vera av Ella Holm Bull. Så vidt eg veit, er det mange andre som har markert seg mykje meir enn JJ i arbeidet med å styrkje sørsamisk - så skal han med, må vi ha bilde av mange her. Er det greitt at eg fjernar bildet? Inger Johansen (diskusjon) 30. august 2012 kl. 11:43 (CEST)[svar]
Kapittelet om revitalisering er ikkje så langt enno at ein treng å ha det i eigen artikkel, synest eg.
Det hadde vore kjempefint å få inn eit bilete av Ella Holm Bull, men fisnt det frie bilete av henne? Og under revitaliseringa er det OK å ha eit bilete til. Det er betre med bilete av JJ enn av ingen. Det finst trass alt kjelder på at han har arbeidd mykje for språket. Dersom du framleis ikkje er nøgd med teksten så kan du kome med eit nytt framlegg her. Dersom du finn andre frie bilete av nokon som har markert seg meir i arbeidet med å styrke språket, så kan du bytte ut biletet. IMHO Hogne (diskusjon) 30. august 2012 kl. 11:57 (CEST)[svar]
Du skriv at "det <…> er mange som har markert seg mykje < … > i arbeidet med å styrkje sørsamisk" Er det mogeleg å sette opp ei liste over desse til dømes slik:

Viktige personar[endre wikiteksten]

Mellom dei som har markert seg i arbeidet med å styrke sørsamisk, kan ein nemne:

  • Ella Holm Bull - Forfattar og mangeårig rektor ved Åarjel-saemien skuvle, Snåsa
  • Anna Jacobsen - Lærar ved Gaske-Nøørjen Saemienskovle, Hattfjelldal
  • Anna Jåma Granefjell - laga dei første sørsamiske radiosendingane 1973-1980
  • Sigbritt "Pia" Persson - laga sørsamiske sendingar i NRK radio 1993-2002
  • Lajla Mattson Magga - ordbokskrivar og barnebokforfattar
  • Ellinor Marita Jåma - sørsamisk politikar
  • Ida Marie Bransfjell - sørsamisk politikar
  • Jarle Jonassen - Sørsamisk politikar
  • Frode Fjellheim - sørsamisk musikar
  • Bierna Bientie - prest for sørsamane
  • < … >
~~ Hogne (diskusjon) 30. august 2012 kl. 12:10 (CEST)[svar]
Eg har no sendt førespurnad til Saemien Sijte i Snåsa om dei har eit bilde av Ella Holm Bull dei kan dele med oss.

Det kunne absolutt vore ein idé å laga ei slik liste over viktige personar - trass i at det er stor fare for å gløyme nokon. Men om vi har lista liggjande her inne ei stund før vi legg henne til artikkelen, slik at vi kan fylle på litt etterkvart, gløymer vi kanskje færre. Inger Johansen (diskusjon) 30. august 2012 kl. 13:15 (CEST)[svar]

Vi bør òg komma i hug at artikkelen bør dekkje sørsamisk språk på begge sidene av riksgrensa, og dermed skal vi vel òg ha med viktige personar frå Sverige òg? -- Olve Utne (diskusjon) 30. august 2012 kl. 22:42 (CEST)[svar]

Framsidebilete[endre wikiteksten]

Inger Marie Oskal seier det er greitt å bruke eit bilete av slektskoppen hennar for sørsamisk, etter mitt syn er det eit godt val. Ella Holm Bull er for all del ein flott representant, men koppen peiker meir framover, slik eg ser det. Trondtr (diskusjon) 29. august 2012 kl. 15:54 (CEST).[svar]