Diskusjon:SS «Statsraad Lehmkuhl»

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skipsnamnformat[endre wikiteksten]

Det rette formatet på dette namnet er vel S/S «Statsraad Lemkuhl»...? Det bør sjølvsagt vera omdirigeringar frå andre former av praktiske grunnar. Synspunkt? -- Olve 20. mai 2005 kl. 1114 (UTC)

Kvifor gjera det så komplisert, då, så lenge det ikkje finst noko anna som heiter Statsraad Lehmkuhl? Dei fleste kjenner vel bare skip under «kvardagsnamna» deira. -- Ranveig 21. mai 2005 kl. 1508 (UTC)
Eg og kunne fort ha søkt på Statsraad Lehmkuhl om det var båten eg ville lesa om.
Men seier ikkje rettskrivingsreglane våre at det er S/S «Statsraad Lehmkuhl» som er rett skrivemåte? Eller er det nokon andre sine rettskrivingsreglar som seier det?
Det er no elles eit poeng å ha eit eins system for namngjevinga av artiklar om båtar (også). Og det er ein del gode grunnar for å ikkje kalla ein artikkel om S/S «Prinsesse Ragnhild» for Prinsesse Ragnhild, eller ein artikkel om Bustadplattforma «Alexander L. Kielland» for Alexander L. Kielland.--Jorunn 21. mai 2005 kl. 1622 (UTC)
Ja det er akkurat det som er problemet: Skip er mesta utan unntak oppkalla etter ein person, ein stad eller etter idéar/kjensler/dokument (S/S «Constitutionen»)). S/S «Statsraad Lehmkuhl» er faktisk eit unntak frå hovudregelen, i og med at få vil søke på [[statsraad Lehmkuhl» og vente noko anna. (Dette kjem elles av at skrivemåten «statsraad Lehmkuhl» er utgått på dato».) Men kva med B/F «Solskjel» (etter øya Solskjel), S/S «Christian Radich» (etter personen Christian Radich), S/S «Sørlandet» (etter landskapet/landsdelen Sørlandet), S/S «Johanna» (etter fornamnet Johanna)? Om vi held på den korrekte skrivemåten, så vil dette gjera at vi treng nokre få omdirigeringar. Men fleirtalet av skipsnamn treng faktisk at vi gjer dette på korrekt vis...! -- Olve 21. mai 2005 kl. 1734 (UTC)
Her er ein diskusjon på no.wikipedia om noko liknande: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia-diskusjon:Stilmanual Det verkar som om dei vart einge om å droppa hermeteikna rundt skipsnamnet i artikkelnamnet, av praktiske grunnar, men at det eigentleg var rett med hermeteikn...? --Jorunn 21. mai 2005 kl. 1638 (UTC)
Ein annan ting er vel at S/S eitt eller anna vert ein artikkel med namn S eitt eller anna under artikkelen S. -- Larsivi 21. mai 2005 kl. 1659 (UTC)
Sant nok — i prinsippet. Men har dette praktiske konsekvensar? Olve 21. mai 2005 kl. 1734 (UTC)
Testa med S/S Sandkasse, og det såg ikkje ut til å ha praktiske konsekvensar. I artiklane under ymse namnerom, vert det automatisk lagt til ei lenkje oppatt i hierarkiet, men denne dukka ikkje opp i denne testen. Du må gjerne slette :) -- Larsivi 21. mai 2005 kl. 1759 (UTC)
Testen er hermed sletta. Greitt å vita at dette er gangbar veg. :) Olve 21. mai 2005 kl. 1801 (UTC)

Greitt, de har gode argument for å bruka det fulle namnet. Eg er fortsatt ikkje heilt glad for å ha artiklar med teikn som svært mange har vondt for å skriva (« og », altså). Men det er vel det omdirigeringar er til for. -- Ranveig 22. mai 2005 kl. 1959 (UTC)