Diskusjon:Saint-Denis

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Saint-Denis var tidlegare ein industriell forstad, men har nyleg vorte omvandla til ein meir næringsbasert forstad. Kva er ein næringsbasert forstad? Den er ingen soveby truleg, men heller ikkje prega av industri altså? Så kva da? --Ekko 14:37, 31 august 2007 (CEST)

Det er eg som har skrive artikkelen. Det er jo basert på ei omsetjing frå engelsk, så det kan hende at meininga har vorte «lost in translation». «Economic based» stod det i originalen og sidan «economic activity» kan omsetjast med «næringsverksemd» eller «næringsdrift» valde eg dette, men eg har ingenting i mot om det vert endra til noko anna. Eg forstår næringsbasert forstad som ein forstad med nærings- og kontorbygg. --Frokor 15:53, 31 august 2007 (CEST)
Men kva er "næring" i motsednad til "industri"? --Ekko 18:06, 31 august 2007 (CEST)
Næringsverksemd kan delast inn i tre grupper: Primær-, sekundær og tertiær-næringar. Ordet industri vert stort sett brukt om næringsverksemd som fell inn under omgrepet sekundærnæringar. Setninga du trekkjer fram ser for meg ut til å vera eit forsøk på å skildra ein overgang frå eit samfunn med mykje industri til ein meir service-basert økonomi. Handelsbasert er kanskje betre enn næringsbasert?
Å seia at noko er "economic based" på engelsk er jo og upresist, for ikkje å seia misvisande. Alt av økonomi er jo basert på samfunnsmessig produksjon, det er ikkje produksjonen som er basert på økonomi. --Tannkrem 18:29, 31 august 2007 (CEST)
Altså truleg eit døme på korleis upresise formuleringar berre blir verre ved omsetting. Men no er jo artikkelen god. --Ekko 19:37, 31 august 2007 (CEST)
Eg gjorde sjølvsagt dette med vilje slik at nokon skulle trå til å gjere han betre ;-) Det vart uansett langt betre no. --Frokor 20:14, 31 august 2007 (CEST)