Diskusjon:Shoot 'Em Up

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mot sletting: Film er viktig kultur i dag. Denne artikkelen er dog frykteleg rotete og subjektivt skriven, men eg vil påstå temaet i seg sjølv er seriøst nok til å vera leksikonverdig.--Gunnar Mikalsen Kvifte 22:39, 18 februar 2008 (CET)

Eg er for opprydding og imot sletting. Om filmar ikkje er seriøst nok, då er eg redd me har mange slettekandidatar. Meiner Tannkrem derimot at artikkelen ikkje er seriøst skriven, sett eit oppryddingsmerke (ser det alt er gjort) eller frømerke, slik praksisen her alltid har vore. Anders 13:30, 19 februar 2008 (CET)
Det er ikkje temaet eg reagerer på. Men når me har artiklar om (relativt) ukjende ting, som filmar, folk som såvidt er leksikonverdige o.l., og artiklane ikkje fungerer som leksikonartiklar, synest eg me heller skal sletta dei enn å setja oppryddingsmerke eller liknande på dei. Det same gjeld t.d. artikkelen om terroråtaket i Thailand i 2006, som ingen interesserte seg for å skriva ferdig, og som eg difor såg meg nøydd til å sletta til slutt.
Eg er heilt samd i at me godt kan ha artiklar om filmar, det kan berre ikkje vera slik at kven som helst kan skriva to ord om ein film, og så skal me ikkje kunna sletta dei to orda «fordi dei ligg under eit oppslagsord som er leksikonverdig». (Denne artikkelen er i så måte eit tvilstilfelle, fordi han faktisk fortel bittelitt om filmen.) Det same gjeld musikkalbum. Me kan gjerne ha artiklar om viktige musikkalbum, men om det me får er eit frø, synest eg me skal sletta dei. Eit frø er rett og slett ingen artikkel. Frømerking er etter mi meining greitt i artiklar me skal (som 1900-talet) eller bør (som Politikaren Knut Moe) ha, men oppslagsord me kan ha artiklar om (som Dørhella og denne), men også klarar oss greitt som eit ålmennt leksikon utan, synest eg me heller kan sletta enn å planta. Eg trur heller ikkje eg er åleine om dette synet, eller at me aldri har sletta oppslagsord som me kunne hatt brukande og ukontroversielle artiklar på.
Om nokon som har sett filmen skriv ein leksikonartikkel her, er eg òg mot sletting. :-) Men eg tvilar på at det nokon gong ville skje viss eg hadde lagt inn eit frømerke eller oppryddingsmerke i staden for eit slettemerke. --Tannkrem 14:33, 19 februar 2008 (CET)


Eg forstår kva dykk meiner, og eg skal prøve å skrive noko meir leksikonverdig om filmen ;) - Kontorstol