Diskusjon:Sjøfuglar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Emnet 'sjøfuglar' er vektig og fortener ein langt betre artikkel enn slik han står i dag. Det har vore mykje merksemd kring sjøfuglar i samband med oljeutsleppet frå bulkskipet «Full City» sør for Langøysund i sommar. Ein måte å betre artikkelen på kan vere å omsetje meir frå engelsk Wikipedia, men eg ser at vi legg meir i den norske termen 'sjøfugl' enn i 'seabird' slik dei skildrar 'seabird' på engelsk Wikipedia. Eg er usikker på det dei kallar 'by convention' når dei listar kva som inngår i 'seabird' dei oppgjev ikkje eksakt referanse. I Wikipedia-artikken er 'seabird' dei sterkt pelagiske fuglane ein treff på langt til havs, mens vi gjerne inkluderer artar i fjordar og i skjergard i omgrepet 'sjøfugl'. For å få betre samsvar kunne vi skrive ein artikkel Pelagiske sjøfuglar med iw-lenke til en:Seabird og ein særnorsk Kystbundne sjøfuglar. Skiljet kan vere at første gruppa har evne til å skilje ut salt medan kystbundne sjøfuglar manglar evna. Fint om ein biolog eller andre med kunnskap greier ut litt. Roar 22. august 2009 kl. 08:55 (CEST)[svar]