Diskusjon:Sosialist

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg veit ikkje om eg er heilt einig i den siste endringa til Guttorm. Setningen om "avvikande" sosialdemokratar og kommunistparti kan vera nyttig for å visa at det sosialistane ikkje er delt skarpt i to grupper. -- Ranveig 1. mar 2005 kl. 2047 (UTC)

Eg er djupt usamd i endringa hans Guttorm. Det er eit historisk faktum at somme "sosialdemokratiske" parti idag ikkje er sosialistiske i det heile verken i eigne eller andre sine auge (døme Blairs New Labour), medan somme reformerte "kommunistiske" parti (døme franske PCF) står for ein politikk som for nokre år sidan ville blitt kalla "sosialdemokratisk" av tradisjonelle kommunistar. Ein bør kunne antyde at det klassiske skiljet mellom sosialdemokratar og kommunistar frå 1920- og 1930-åra ikkje nødvendigvis er likeins idag i alle land. Det er ikkje noko POV i det, berre ei oppmoding til lesaren om å tenkje sjølv og vurdere i kvart enkelt tilfelle. --Erling 1. mar 2005 kl. 2118 (UTC)
Einig med dykk: Setninga var kanskje ikkje ferdig finpussa, men artikkelen er fattigare utan denne informasjonen. Kravet om NPOV bør ikkje tolkast så strengt at vi utelet vesentleg informasjon. Eg føreslår at vi tek inn att setninga og finpussar ho så ho blir mest muleg deskriptiv og minst muleg unødig POV. -- Olve 1. mar 2005 kl. 2130 (UTC)
Heller ikkje den siste endringa til han Guttorm dekkjer det poenget at det idag finst fleire "sosialdemokratiske" parti som ikkje eingong sjølve hevdar dei har sosialismen som mål, og at nemninga "kommunist" tyder noko heilt anna i til dømes Italia enn i Noreg. Dette har ikkje med "å forlate sosialistiske ideal" å gjere, men med ei frigjering frå den stalinistiske tradisjonen i dei reformerte kommunistiske partia (som det italienske PRC og franske PCF), som gjer at dei faktisk står på den demokratiske sosialismens grunn. Dette dreiar seg altså i desse tilfella ikkje om å forlate sosialistiske ideal, men heller om å finne dei att etter den stalinistiske degenereringa. Og det poenget, forsøkt uttrykt i den opphavlege siste setninga, har blitt fjerna med dei siste endringane. --Erling 2. mar 2005 kl. 1356 (UTC)
Det som du har uttrykt her på diskusjonssida fekk du ikkje fram i den setningen eg fjerna. Det hadde vore fint om du redigerte artikkelen i staden for diskusjonssida for å få det fram, det har eg verkjeleg ikkje noko imot, til og med om det betyr at du set inn att det eg tek bort.
Eg fjerna: "Men nokre sosialdemokratiske parti har ikkje lenger eit sosialistisk samfunn som målsetjing, og nokre såkalla "reformerte" kommunistparti går no inn for demokratisk sosialisme."
Å skrive at eit sosialistisk parti ikkje har sosialisme som målsetjing blir litt sjølvmotseiiande når ein sosialist først blir definert som "ein tilhengar av sosialismen, det vil seie målet om eit klasselaust samfunn". Kva er "såkalla "reformerte" kommunistparti"? Er dei reformerte eller ikkje? Er dei noko anna enn reformerte?
Dersom sosialist blir brukt om folk som "eigentleg" ikkje er sosialistar, så er det viktig å få det fram, og få fram kvifor dei ev. ikkje er sosialistar på ein NPOV måte.
Til slutt er det viktig å hugsa på at dette ikkje er sosialistiske parti, sosialisme eller kommunisme artiklane.--Guttorm 2. mar 2005 kl. 1501 (UTC)

Liste over sosialistar[endre wikiteksten]

Dei siste endringane til ein anonym brukar, som mellom anna la til Adolf Hitler og tok ut Josef Stalin frå lista over kjende sosialistar, fekk meg til å ta henne ut. Det blir fort mykje rot og bråk med ei så brei liste. I staden kan me kanskje få tekst som nemner ulike sosialistar og fortel kvifor dei har har vore viktige. -- Ranveig 20. mai 2006 kl. 17:04 (UTC)

Det er viktig å passe på at ikkje folk som vil forfalske historia klussar med dette. Å sette inn Hitler på denne lista er typisk for ein viss type historieforfalskarar. Vi har tatt denne debatten fleire gonger og i fleire samanhengar, sist med ein DLF-person før han vart avstengd for sabotasje, og det er ganske slitsamt. --Erling 20. mai 2006 kl. 17:10 (UTC)
Ja, eg er klar over at dette var sabotasje eller ei sterk vriing mot den anonyme brukaren sitt syn. Men eg trur det vil vera lettare å verna seg mot slikt ved hjelp av tekst, heller enn ei liste. Tekst er òg lettare å grunngje. -- Ranveig 20. mai 2006 kl. 17:29 (UTC)
OK. Skal vi da òg fjerne lista over "kjende kommunistar" under art. "kommunist", eller er den greiare? --Erling 20. mai 2006 kl. 17:33 (UTC)
Den synest eg er endå greiare å fjerne, ettersom «Kommunist» allereie nemner dei viktigaste på den lista. -- Ranveig 20. mai 2006 kl. 18:14 (UTC)

Venstre er Sosial libralisme.[endre wikiteksten]

Sosialisme og liberalisme. Ca 10- 20%Sosialisme og 80-90  %,Libralisme.

Alle som har sosialismen som idelogi er sosialister.
VolvoP1800JaguarETypeXJS (diskusjon) 1. mars 2019 kl. 15:53 (CET)[svar]