Diskusjon:Sportsklubben Brann

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2007.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2007

Denne artikkelen var føreslått som god artikkel, men blei ikkje vald ut. Den arkiverte diskusjonen ligg under.

Sportsklubben Brann[endre wikiteksten]

Eg ynskjer gjere framlegg om at artikkelen om Sportsklubben Brann vert merka som god. Dette har vorte ein solid artikkel kor det finn det aller meste som er verdt å vite (pluss litt til) om emnet. I tillegg har vi artiklar som alle spelarane i stallen. --Cato 19:28, 8 februar 2008 (CET)

Kommentarar[endre wikiteksten]

Nesten med det same eg byrjar å lesa denne artikkelen, finn eg ein grov feil. I det same avsnittet står det først at klubben vart skipa som Ski- og Fodboldklubben Brann, deretter at det opphavlege namnet var Sportsklubben Fart. Eg synest òg at t.d. informasjon om kven som leverer kleda til spelarane, ikkje har noko å gjera i innleiinga til artikkelen. Så er det sjølvsagt fritt fram for å endra artikkelen slik at han vert meir leksikalsk, grundig og korrekt, men førebels er dette ein soleklår avslagskandidat. --Tannkrem 20:53, 8 februar 2008 (CET)

Denne artikklen kler raudt betre enn fargen ville kledd ein artikkel om Viking. Synsing høyrer sportssjargongen til, så det toler vi òg. Men detaljane imponerer neppe Arne Scheie enno. Artikkelen er på veg, men han er ikkje i mål enno. -- Knut 21:02, 8 februar 2008 (CET)

Røysting[endre wikiteksten]

  • For For. Særs god artikkel. Hittil er ingen idrettsartiklar merka som gode. --Cato 19:29, 8 februar 2008 (CET)
  • Imot Imot Fri for kjelder, språkleg svært variabel, lite leksikalsk, mykje synsing. --Bep 20:08, 8 februar 2008 (CET)

evt. surmuling (frå andre) mens ein hjelp_r ein "foreldrelaus" artikkel[endre wikiteksten]

Skal oppslaget "Brannmedlem" ha ein eigen artikkel? Viss ikkje så bør du ikkje lenkja til det. --Ranveig (diskusjon) 30. juli 2020 kl. 11:41 (CEST)[svar]
Også ord som (diskutabelt) kan reknast som drit-dårlig norsk, kan ha fleirtydingsside, eller omdirigeringsside eller artikkel. (Fleirtyding kan inkludere medlem av "supporterklubb Brann" eller medlem av "Fotballklubben Brann". ) Sju hav (diskusjon) 30. juli 2020 kl. 11:48 (CEST)[svar]

Referansar[endre wikiteksten]

utdatert informasjon bør fjernast[endre wikiteksten]