Diskusjon:Storfjorden på Svalbard

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette er då eit sund eller strete, ikkje ein fjord, jfr. kategoriseringa. --Ekko 14:42, 2 april 2008 (CEST)

Ut i frå ein av fleire definsjonar er det ikkje ein fjord (t.d. den engelske tydinga av «fjord»), men den har me ikkje fulgt med mange mange av fjordane på fastlandet og ser inga grunn til å gjere noko unntak for denne eine. Mange sund vert kalla fjord på fastlandet, så ut i frå den definisjonen er dette også ein fjord. --Frokor 16:25, 2 april 2008 (CEST)
Spørsmålet om kva som ligg i nemninga fjord har vi diskutert her. Eg kunne tenkt meg å konstruere eit omgrep som «kystfjord» om fjordar som Trænfjorden og denne, men det strir mot retningslinene våre å konstruere omgrep. Eg er vand med (frå Helgeland) at fjord og sund ikkje er synonym - eit sund er vesentleg trongare eller mindre - vi ror over sundet på dagar då vi knapt ser det likt å fare med motorbåt over fjorden. --Knut 16:44, 2 april 2008 (CEST)
Ein ror ikkje akkurat over Danmarksundet for eit lite ærend. --Frokor 02:53, 5 april 2008 (CEST)
Litt av problemet vårt med å kategorisere artiklane om dette emnet er at det tilsynelatande er litt tilfeldig kva som vert kalla -fjord og kva som vert kalla -sund eller -straum. Det varierer frå område til område. Eit område mellom to øyar vert i ein del av landet kalla eit sund eller ein straum, og i andre delar av landet ein fjord. Når ein søker på Norgesglasset til Kartverket får ein alltid opp ein «namnetype» ved sida av resultatet. Eg har søkt på samtlege fjordar eg har skrive om, og dei aller aller fleste vert der rekna som fjord (eit fåtall av dei små kjem opp som vik eller våg o.l.). Om Kartverket har rett eller ikkje kan ikkje vere opp til oss å avgjere. --Frokor 17:11, 2 april 2008 (CEST)