Diskusjon:Storfyrstedømet Litauen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bør det ikkje vera storfyrstedømet? Austslavisk knjaz vert då vanleg umsett med fyrste. Det er forresten same ordet som vårt konge. — Våve 20. juni 2006 kl. 08:35 (UTC)

Storfyrstedømme høyrest best ut for meg, det er den nemninga eg har møtt i andre samanhengar. Men storhertuddømme er ikkje ukjent. Dersom eg ikkje minnest heilt feil er vel Luxembourg eit storhetugdøme?

Luxemburg er eit storhertugdøme, ingen tvil um det. Det var ikkje ei ålmenn utskifting eg tenkte på, berre Litauen og dei russiske fyrstedøma. — Våve 20. juni 2006 kl. 09:20 (UTC)

Eg har ikkje så sterke meiningar om dette, men artig å diskutere. Eit raskt søk på Google gav 9900 treff på storhertugdømet Litauen, medan storfyrstedømet hadde berre 88 treff. Det er kanskje ein indikasjon? Caplex (og flyselskapet Norwegian) derimot nyttar storfyrstedømet, og dei er vel kanskje meir autorative enn nettet? Britannica på den andre sida snakka om kongedømet. Dei skriv: "The German threat induced the Lithuanian tribes to unite in the middle of the 13th century under Mindaugas. He and his family were baptized in 1251, and two years later he was accepted into the feudal hierarchy of Europe by being crowned king of Lithuania by authority of Pope Innocent IV."

Berre for å gjere det litt meir komplisert. stykkjet 21. juni 2006 kl. 18:44 (UTC)

Hm. i de:Geschichte Litauens står det "Großfürstentum Litauen" og litauisk nyttar lt:Lietuvos Didžioji Kunigaikštystė (kva no det måtte tyda ...) --Gunnernett 21. juni 2006 kl. 19:17 (UTC)

Fullt so komplisert er det ikkje. Kongsnamnet var noko Mindaugas tok ved i lag med kristindomen på skrymt so sverdriddarane ikkje skulde kunna nytte misjonsideologien sin. Ingen (eller få) bar det sidan. «Storhertug» kjem at den latinske nemninga magnus dux. Spursmåla vert: var dette ei god umsetjing av velikij knjaz (stjornarmålet i Litauen var ikkje litauisk, men ein slags kviterussisk kyrkjeslavisk), eller finst det anna grunnlag for å segja at denne nemninga har hevd framum storfyrste? Det tyske soguatlaset mitt frå 1918, pinleg grannsamt med å setja fyrstetittel på kvart eit lite rike, har Großfürstentum utan undantak. Ingen tvil um kva som gjeld der i garden. Det er heller ingen tvil um at det er hevd for å setja um knjaz med «fyrste» i rus(s)isk samanheng (men stundom «konge» for den heilt eldste tida — jf. fyrste innlegget her). Men no slepp eg å gruna meir på dette, for eg fann nett svaret her. På norsk lyt det etter dette heite storfyrste, «storhertug» er berre dåleg umsetjing frå engelsk. — Våve 22. juni 2006 kl. 18:56 (UTC)